Roser for makelege hageeigarar

Etter meir enn 15 år som hageeigar får eg meir og meir sansen for dei tidlegblømande buskrosene.

Hansaland mot ein bakgrunn av Moyesii Geranium.

Å finna roser som trivest i eigen hage kan vera ei utfordring. Dei skal bløma rikt og dei bør helst dufta godt. Her på regnvåte vestlandkysten bør dei dessutan tola regn, regn som bøttar ned i vekesvis utan opphald.

Nokre roser legg an på å sjarmera hageeigaren med veldig bløming første året, for neste år berre å visa fram ein skugge av fargeprakta. Andre treng tid for å venna seg til det nye miljøet, for så å imponera med ei overdådig bløming etter nokre år.

Les: Natthagen

Rosene eg skal nemna i dag tilhøyrer den siste kategorien. Dette er lettstelte roser til glede for ein hageeigar som er minst like oppteken av å nyta som å luka.

Store, delvis fylte Moyesii Geranium.

Størst glede så langt denne sommaren har hageeigaren fått av dei tidlegblømande buskrosene. Hansaland og Mandarinrosene (Moyesii) har danna ein raud fargesymfoni vest for huset. Dei har blomstra rikt i snart tre veker, og ser ikkje ut til å gje seg enno.

Denne Moyesiien har meir til felles med den opphavelege Mandarinrosa.

Mandarinrosa har som namnet antydar opphavet sitt i Kina. Ho finst i fleire utgåver, sjølv har eg to. Ein høgreist busk med rikeleg med store, delvis fylte raude roser, og ein låg, nærast krypande, med opne roser. Ei veke uti juli byrjar avlange rosa nyper å avløysa dei første rosene.

Les: Mens vi ventar på dei store, vulgære

Rugosahybriden Hansaland ser ut til å tola det meste. Mange brukar Hansaland som hekk, men hos meg ser han ut til å trivast som frittståande.

Pauls Himalayan Musk.

Blikkfanget i hagen akkurt no er det Pauls Himalyan Musk som er. Med hundrevis av små bleikrosa roser tek klatrerose frå David Austin all merksemda vekk frå hageeigaren sine unnlatingssynder. Tre meter høg briskar han seg i solveggen på den lunaste staden på tomten. Duftar godt gjer han og.

Fleire hagesaker kan du lesa her.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.