Eksplosjon i talet på langtidsmottakarar av sosialstønad

Talet på fjellsokningar som er avhengig av sosialstønad i lengre tid for å overleva har eksplodert siste året.

Plan- og byggjesaksavdelinga i Fjell kommune får krass kritikk i ein forvaltningsrevisjonsrapport frå Deloitte.

Fjell-økonomien er langt frå friskmeld etter oljeprisfallet i 2014, viser rådmann Steinar Nesse sin statusrapport til kommunestyret etter første halvår.

Ei av kjeldene til uro er den veldige auken i talet på fjellsokningar som er heilt eller delvis avhengig av sosialstønad i lengre tid for å overleva. I juni var det heile 528 fjellsokningar som hadde motteke sosialstønad i meir enn to månadar. Det er heile 93 fleire enn i same månaden i fjor.

Den kommunale delen av NAV hadde samla utgifter på 25,2 millionar kroner i første halvår. Det er 4,6 millionar kroner meir enn budsjettet tilseier.

Auken i utbetalingane av økonomisk sosialhjelp skuldast i hovudsak at Regjeringa har skyve ansvaret over på kommunane som følgje av omlegging av reglane for arbeidsavklaringspengar (AAP), ifølgje rådmannen i Fjell.

Regjeringa kutta i fjor stønadsperioden for mottak av AAP frå fem til tre år.

 

Mottakarar av sosialstønad 2018 2017 Endring %

endring

Januar 512 440 72 16,4
Juni 528 435 93 21,4

Også talet på uføre i Fjell aukar veldig.

Les: Kvar 10. stril er ufør

Du kan lesa heile økonomirapporten på heimesidene til Fjell kommune.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.