Mange har planar – få vil byggja

Mange utbyggjarar i Fjell nølar med å la gravemaskinene setja i gang med realiseringa av vedtekne reguleringsplanar.

Svikt i folkeveksten og vanskar med å skaffa finansiering gjer at mange utbyggjarar nølar med å setja i gang med realisering av vedtekne reguleringsplanar. Arkivbilete.

Kommunestyret i Fjell har siste perioden banka gjennom ei rekkje store reguleringsplanar, og fleire er under arbeid i ei planavdeling som er under jamnt høgt trykk.

Færre vil byggja
Verkeleggjeringa av planane ser derimot ut til å la venta på seg, viser eit djuptdykk i økonomirapporten for Fjell for første halvår. Med eit underskot på 3,8 millionar kroner er plan- og eigedomsavdelinga ei av dei største kjeldene til budsjettunderskotet dei seks første månadane i år.

Underskotet skuldast i hovudsak reduserte inntekter knytta til byggjesak og oppmåling, skriv rådmann Steinar Nesse i økonomirapporten.

– Mindreinntektene innan byggjesaksgebyr skuldast nok hovedsakeleg nedgang i talet på prosjekt, skriv Nesse i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no.

Konkrete tal for nedgangen i talet på byggjesøknadar kan rådmannen i Fjell likevel ikkje visa til.

At byggjesaksavdelinga for tida har to vakante stillingar og fleire nytilsette under opplæring, trur Nesse ikkje spelar noko stor rolle for inntektsvikten.

Folkeveksten
Det at mange utbyggjarar for tida nølar med å la gravemaskinene setja i gang med verkeleggjeringa av dei vedtekene reguleringsplanane, skuldast at folkeveksten er redusert, skriv rådmannen i eposten.

I Fjell, Sund og Øygarden auka folketalet dei tre første månadane i år med berre 58 personar til saman, tilsvarande 0,15 prosent.

Les: Folkeveksten stagnerer

Tilgongen på finansiering er ein medverkande faktor:

– Det er i dag vanskeleg å få finansiering til å setja i gang med bygging utan at ein større del av nye prosjekt er seld, skriv Nesse i eposten til nettavisa Tunnelsyn.no.

Stort bustadoverskot
Det er for tida 301 bustadar til sals i Fjell, iføljge Finn.no. Mange av bustadane ligg i ferdige nybygg i regionsenteret Straume. Talet på bustadar til sals er tre gongar så høgt som i Askøy og Os, som er andre nabokommunar til Bergen det er relevant å samanlikna oss med.

Tek vi med Sund og Øygarden, som saman med Fjell vil utgjera nye Øygarden etter årsskiftet, kan huskjøparane velja mellom heile 414 bustadar.

Nettavisa Tunnelsyn.no har følgt utviklinga på bustadmarknaden i kommunane vest for Bergen tett sidan oppstarten i 2015. Talet på bustadar til sals i Fjell har lege stabilt høgt på mellom 300 og 400 gjennom storparten av perioden.

Les: Er det nokon som snakkar om bustadboble?

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.