Kampen om strandsona hardnar

Fjell er strengast med bygging i strandsona. Tre av fire søknadar siste fire åra har blitt innvilga.

Inntil for få år sidan var mykje av kvardagslivet i Fjell konsentrert rundt sjøen. Arkivbilete.

Inntil få år sidan var mykje av kvardagslivet i øykommunane vest for Bergen konsentrert om sjøen. Å bu i sjøkanten er framleis ein draum for mange strilar. Og dei aller fleste søkjarane i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy får byggjesøknaden innvilga, viser ein fersk statistikk frå SSB.

Med forbehald
Tala må lesast med forbehald. Etter ein gjennomgang av statistikken sit ein att med inntrykket av at her er det berre å søkja, så får ein dispensasjon.

Eit spørsmål som melder seg er korvidt kommunane si rapportering er presis. Eit anna spørsmål er i kor stor grad håpefulle byggherrar utviser sjølvsensur og lar vera å søkja av di dei har fått inntrykk av at den strenge handtering av strandsonevernet vil føra til avslag.

Åtte av ti

Den verdskjende sjømatrestauranten Cornelius hadde vore utenkjeleg utan tilgang til sjø. Arkivbilete.

Av 93 dispensasjonssøknadar i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy i åra 2015 – 2018, vart heile 82 innvilga, ifølgje tala kommunane har rapportert til KOSTRA-databasen.

Størst er sjansen for å vinna fram i Sund og Øygarden. Her vart samtlege byggjesøknadar innvilga. Sju i Sund og fire i Øygarden.

Det er ikkje utan grunn at fylkesmannen har karakterisert Hordaland som «dispensasjonsfylket»

Les: Mange fekk byggja i strandsona

Strengast i Fjell
I Askøy er det også nærast fritt fram. Her vart 49 søknadar godkjent. Berre tre vart nekta.

Fjell har den strangaste handhevinga av regelverket. 22 av dei 30 innkomne søknadane fekk tommelen opp på rådhuset på Straume.

Les: Overraska over departementsvedtak

Kampen om strandsona
Det er ikkje til å koma forbi at kampen om strandsona hardnar til i kommunane vest for Bergen. Arealet som er tilgjengeleg for allmenta vert stadig mindre ettersom stadig fleire får lov til å byggja innanfor 100 metersbeltet.

For friluftsinteresserte

Badevikjer på rekkje og rad langsmed Børnestangen ut mot Krossfjorden. Arkivbilete.

Beste vilkåra har dei friluftsinteresserte i Øygarden. Ser vi vekk frå den delen av 100-metersbeltet som er for bratt til å ferdast i, som har bygg tettare enn 50 meter innpå eller som er nedbygd av vegar og landbruk, kan 65 prosent av strandsona framleis reknast som tilgjengeleg for allmenta.

Les: 76 kartlagte friluftslivområde i Øygarden

Også i Sund har frilusftsintereserte framleis gode sjansar til å finna skjerma idyllar i sjøkanten. Her er 60 prosent av strandsona framleis ubebygd, og av ein slik karakter at det er råd å ferdast der.

I Fjell vert 41,7 prosent av strandsona framleis vurdert som tilgjengeleg for dei som ønskjer tilgang til sjøen.

Les: Vil omregulera ti hytter i strandsona på Snekkevik til bustad

Askøy
Askøy er den kommunen der strandsona er mest utbygd, og der minst prosentvis andel av det sjønære arealet framleis er tilgjengeleg for allmenta. Her er det berre 33,3 prosent av strandsona der allmenta kan ferdast fritt.

Les: Har kartlagt strandsona

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.