Eigedomshandel gav milliongevinst

Salet av bustadar i Portalen Eiendomutvikling AS var største inntektskjelda for dagleg leiar Ernst Morten Einarsen og Sartor Holding AS i fjor.
(Saka er oppdatert.)

Straumeporten. Små husvære med alternativ finansieringsmodell gjorde at Portalen Eiendomsutvikling AS slepp slita med å få seld bustadane.

Etter å ha skilt ut eigarandelen i Sartor Storsenter AS og Altus Eigedom AS, omfattar konsernet Sartor Holding AS no 12 selskap, dei fleste innan eigedom.

Samla driftsinntekt for konsernet i fjor utgjorde 134, 7 millionar kroner, ein auke på 31 prosent, viser rekneskapane som er sende inn til Brønnøysund. Etter at alle kostnadane var betalt, sat eigarfamiliane Einarsen og Rennedal att med eit driftsresultat på 25,9 millionar kroner, eller knappe 20 prosent.

Resultatet før skatt enda på 23,2 millionar kroner. Av det har eigarfamiliane unna seg eit utbyte på ein knapp million.

Portalen
Største einskildbidraget i fjorårsrekneskapet kom frå salet av bustadar i blokka Portalen Eigedom AS midt i smørauga på Straume.

Bustadsalet i Portalen Eiendomsutvikling AS gav ei driftsinntekt på 145,2 millionar kroner, og eit driftsresultat på 21,7 millionar kroner.

Verksemda byggjer på ein forretningsmodell der kjøparane berre betalte ein mindre del av kjøpesummen ved innflytting, og med avdragsfrie lån dei første åra. Resten skal betalast ned gjennom husleiga. Kjøparane si restgjeld til Portalen Eiendomsutvikling er rekneskapsført som fordringar på 143,1 millionar. Tilsvarande har eigedomsverksemda ei kortsiktig gjeld på 147,7 millionar kroner.

Sal til kommunen
Ved å satsa på små husvære med lågt krav til eigenkapital, sikra Einarsen- og Rennedalfamiliane at prosjektet gjekk «heim» hos Fjell kommune. Bustadkontoret til Fjell kommune sikra seg 18 av dei 60 husværa i prosjektet, til innbyggjarar med spesielle behov og sosialt vanskelegstilte.

Les: Rådmann favoriserer politisk komitèleiar ved bustadkjøp

Slik unngjekk bustadutviklaren å gå i same fella som fleire av dei øvrige bustadprosjekta i Straume sentrum, som framleis slit med mange uselde husvære, meir enn eitt år etter innflytting.

Les: Er det nokon som snakkar om bustadboble

Varmtvatn
Aktivitetane i tre av dei 12 verksemdene i konsernet skil seg ut mellom eigedomsskapa og viser eigarfamiliane sine ambisjonar om byggja by gjennom å levera eit breiast mogeleg tilbod av tenester til bebuarar og næringsdrivande i senterområdet.

Sartor Nærvarme AS sørgjer for produksjon av varmtvatn frå geobrønnar under handlesenteret og distribusjon av varmt vatn og varme til Sartor Storsenter og ein del av bustadane i senterområdet. Varmtvassleverandøren fekk ei inntekt på 7,8 millionar kroner og eit driftsresultat på 2,6 millionar kroner.

Underhaldning
Satsinga på underhaldning er ikkje like lukrativ. Sotra Kino AS vert eigd 75 prosent av Sartor Holding AS og 25 prosent av Radio Sotra AS. Kinoen selde visuelle opplevingar for fire millionar kroner i fjor, og sat att med eit resultat før skatt på knapp 200.000 kroner.

Sartor Vitensenter AS vert no heileigd av Sartor Holding. Verksemda hadde inga drift i fjor, og fekk eit negativt driftsresultat på 7,1 millionar kroner

Styrka eigenkapitalen
Eigarfamiliane har på få år klart å styrka eigenkapitalsituasjonen og redusera risikoen vesentleg. Dei samla verdiane i Sartor Holding AS konsernet utgjer no 888,5 millionar kroner, korav gjelda vert opplyst å utgjera 611,7 millionar kroner.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.