Vil halvera dødsulukkene til sjøs

Rus er ofte medverkande årsak til dødsulukker i samband med bruk av fritidsfartøy. I handlingsplan mot fritidsbåtulukker vert likevel haldningsskapande arbeid og fleire kontrollar prioritert framfor å seinka promillegrensa.

Hordaland er eit av dei fylka med flest dødsulukker der fritidsbåtar er involvert. Arkivbilete.

Båtliv er ein viktig fritidsaktivitet for mange nordmenn. Meir enn kvar tredje husstand disponerer ein eller fleire fritidsbåtar, og talet aukar stadig. Mest aukar talet på kajakkar og små, motoriserte farkostar under 26 fot.

Halvera dødsulukkene
Men fritidsaktivitetar på sjøen er også ei kjelde til mange ulukker. I den nye «Handlingsplan mot fritidsbåtulukker» legg Regjeringa opp til å halvera talet på dødsulukker i løpet av dei neste fire åra. Handlingsplanen er utarbeidd av Sjøfartsdirektoratet i samarbeid med ei rekkje faginstansar og interesseorganisasjonar.

Haldningsending
Mangelfull bruk av flyteutstyr, bruk av rusmidlar og høg fart er som oftast bakanforliggjande årsak til ulukkene, ifølgje handlingsplanen.

Skal vi klara halvera talet på ulukker, er informasjon, haldningsskapande arbeid og meir synleg politi dei tiltaka som vil ha størst effekt, tilrår utvalet.

Kampanjane bør rettast mot dei områda der risikoen for ulukker er størst; personar som fell over bord, kantring, forlis og grunnstøytingar.

Promillegrensa
Rus og båtliv inneber ein auka risiko, er medlemmane i utvalet samde om. Med ei promillegrense på 0,8 for fritidsbåtar under 15 meter, har Norge har Europas høgaste promillegrense.

Å seinka promillegrensa har vore vurdert i utvalet, men er likevel ikkje føreslege. Eit tilsvarande forslag vart nyleg avslege i Stortinget, grunngjev utvalet avgjerda.

I staden vert det lagt opp til eit meir synleg politi på sjøen med hyppigare kontrollar.

Hordaland på topp
Årleg omkjem nærare 30 nordmenn i samband med fritidsaktivitetar på sjøen. Vestlendingane er mest utsett, og Hordaland er eit av dei fylka som toppar lista.
Ni av ti omkomne er menn.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.