Fylkeskommunane tek ACOS inn i varmen

Med avtalen ACOS AS no har inngått med fire av dei nye fylkeskommunane, får programvareleverandøren på Sotra for alvor innpass i den fylkeskommunale marknaden.

ACOS AS og dagleg leiar Bent-Inge Storheim skal levera publiseringsløysinga til seks av dei nye fylkeskommunane.

Programvareleverandøren ACOS AS er frå før store på kommunar og statlege etatar, men det er først med denne avtalen at dei har kome inn i varmen i fylkeskommunane.

Det er ACOS AS som har fått tildelt ansvaret for at Agder, Rogaland, Viken og Innlandet fylkeskommunar kjem opp å stå med nye nettstadar før samanslåinga ved årskiftet. Den felles kontrakten på leveringa av publiseringsløysinga ACOS CMS omfattar i tillegg utvikling av nettstadar til 134 vidaregåande skular, ifølgje ei pressemelding frå programvarelverandøren i Trollhaugmyra på Straume.

Avtalen kjem i tillegg til tilsvarande tidlegare inngåtte avtalar med Nordland og Finnmark/Troms fylkeskommunar. Til saman vil 2,6 millionar nordmenn få ACOS CMS som sin digitale førstekontakt med dei nye fylkeskommunane.

Ferdig til nyttår
For programvareleverandøren vert dette eit hasteprosjekt. Nettstadane skal vera ferdig oppe å gå innan nyttår.

-Det at ACOS kunne oppfylla krava til leveringstid var eit av kriteriane for at vi vann kontrakten, seier dagleg leiar Bent-Inge Storheim i ein kommentar til nettavisa Tunnelsyn.no.

Dela det som delast kan
Kring 400 nettredaktørar og innhaldsforfattarar vil få ACOS CMS som sitt felles publiseringsverktøy. Mesteparten av arbeidet er det dei som må utføra.

For å koma i mål på innhaldssida innan fristen vil fylkeskommunane samarbeida om å utvikla og dela innhald. Dei vil samarbeida om et felles konsept for nettsidene, innholdet dei skal skriva og videreutvikling av nettsidene.

Utvikling og brukartesting av felles menystrukturar er mellom dei detaljane som vil få høg prioritet.

-Vi har lenge ønska å samarbeida om utvikling av funksjonalitet og tenester på nettsiden. Det vil gje store gevinstar for brukarane våre og vil vera tids- og kostnadseffektivt for alle fylkeskommunane, seier Solveig Rødland som er prosjektleiar i Viken fylkeskommune i pressemeldinga.

Full score
Konkurransen denne gongen stod mellom fire leverandører. ACOS fekk full score på tjenesteleveranse, brukervennlighet og fleksibilitet i løysinga, ifølgje pressemeldinga.

-ACOS leverte eit svært godt og gjennomarbeida tilbod. Produktet er brukarvernleg og vart jamnt over vurdert som best på dei fleste krava i kravspesifikasjonen, seier Rødland.

Opnar nye dører
ACOS CMS er ei frittståande portalløysing som kan integrerast med sak-arkivløysinga som er programvareleverandøren sitt hovudprodukt. Løysinga vert nytta av 180 kommunar.

-Avtalen opnar nye mulighetar for oss hos fylkeskommunane, seier Storheim.

-Dette er ein stor og viktig kontrakt for ACOS når det gjeld portalløysingar og sjølvbetening. Den betyr mykje for den vidare satsinga på området, legg Storheim til.

Digitale skjema og «Mi Side» er løysingar som dei no vil satsa for fullt på å vidareutvikla i kjølvatnet av denne kontrakten. Satsinga på universell utforming for blinde, svaksynte og personar med andre typar funksjonshemming vil også verta styrka.

Utvikling av ei chatboot-løysing vert ikkje omfatta av kontrakten.

 

 

 

 

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.