Skyttergravskrig på festninga kan fråta Fjell sjeldan samling av krigseffektar

Etter at dei vart stengde ute frå utstillingsslokalet i Kanonbrønnen på Fjell festning vurderer Sotra og Øygarden forsvarsforening å selja den sjeldne samlinga av tid- og stadriktige våpen, uniformar og andre krigseffektar.

(Saka er oppdatert.)

-Besøkjande til Fjell festning forventar å kunna studera krigseffektar som våpen og uniformar, hevdar leiar Vidar Broch (th) og nestleiar Svein B. Bjrøge i Sotra og Øygarden forsvarsforening.

Gjennom snart 30 års aktivitet har Sotra og Øygarden forsvarsforening (SØF) samla inn ei mengde våpen, uniformar og andre krigseffektar. Ein del av gjenstandane har direkte tilknyting til det unike festningsanlegget, andre representer krigshistoria.

Del av historia
-Fjell festning var det største festningsanlegget i Hitler sin Atlanterhavsvoll. Det er eit unikt anlegg, ikkje berre i norsk samanhang. Krigseffektane er ein del av denne historia, seier leiar Vidar Broch og nestleiar Svein B. Bjørge i SØF til nettavisa Tunnelsyn.no.

Ein del av krigseffektane har fram til no vore utstilt i museet nede i Kanonbrønnen. Det er det slutt på. Besøkjande på festningsanlegget kan ikkje lenger studera gjenstandane som kunne bidrege til å underbyggja historia om korleis dette enorme festningsanlegget vart bygd.

Festningsanlegget med til saman 2,5 kilometer tunnelar spreidde i fem underjordiske anlegg, vart bygd på rekordtid. På det meste var det stasjonert 700 militært personell her. Kring 2.000 krigsfangar bygde anlegget med sveitte, blod og tårer, under truslar om å mista livet.

Les: Historikar sprengjer sprekker i tysk betonghistorie i Norge

Sa opp avtale

28 cm kanonen frå slagskipet Gneisenau var sjølve «hjarta» Fjell festning vart bygd rundt.

Den enorme 28 cm kanonen frå slagskipet Gneisenau som skulle verna innseglinga til Bergen og ubåtbunkeren på Laksevåg er for lengst fjerna frå Fjell festning.  På Austrått er det framleis råd å sjå ein tilsvarande kanon.

Snart kan krigseffektane på Fjell festning få ein tilsvarande skjebne. Siste året har utstillingsgjenstandane blitt fjerna frå museumslokalet i Kanonbrønnen, ein for ein. Det har skjedd etter at Museum Vest sa opp deponiavtalen om krigseffektane SØF har samla inn. Ei oppseiing Museum Vest grunngav med at krigseffektane ikkje var relevant for deira opplegg, ifølgje Broch og Bjørge.

At Museum Vest ikkje ser verdien av krigseffektane, er vanskeleg å fatta, er dei to samde om.

– Besøkjande ventar å finna krigseffektar på eit festningsmuseum som dette. Men etter at dei profesjonelle overtok, har det blitt nær sagt full stopp i utviklinga av utstillinga, hevdar Broch og Bjørge.

Les: Gjestekommentar: Hva vil vi med Fjell festning i fremtiden?

Medeigar

Gjennom pengeinnsamling og mange tusen dugnadstimar har Sotra og Øygarden forsvarsforening bidrege til å ombyggja kanontårnet på Fjell festning til kafe og museum, hevdar Vidar Broch og Svein B. Bjørge i SØF.

Det var SØF som overtok ansvaret for Fjell festning då Forsvaret ikkje lenger hadde bruk for det 450 mål store anlegget og truga med å fylla kanonbrønnen med stein. Gjennom pengeinnsamlingar og mange tusen dugnadstimar har forsvarsforeninga ytt eit viktig bidrag til å byggja om kanonbrønnen til kafe og museum, seier Broch og Bjørge.

Fjell festning vert i dag eigd av Stiftinga Fjell festning. Bak stiftinga står SØF, saman med Fjell kommune. Museum Vest har ansvaret for formidling av historien til anlegget.

Eigarskapen til festningsanlegget gjer avvisinga frå Museum Vest ekstra vanskeleg å svelja for forsvarsvenane i SØF.

Tek seg til rette
-Museum Vest tek seg til rette. Leigetakaren har skifta kode på tilkomst- og alarmsystema, slik at medlemmane våre ikkje lenger kjem inn i anlegget i Kanonbrønnen. Dei har også kravd å få tilbake nøklane, seier Broch.

Dette er ei underleg åtferd, tenkjer leiaren i SØF. Medlemmane i foreninga er sinte og skuffa over å verta møtte med ei kald skulder frå Museum Vest. Situasjonen verkar ganske fastlåst, slik Broch og Bjørge oppfattar det.

For alle vindar
Samstundes har forsvarsforeninga fått eit praktisk spørsmål dei vert nøydde til å forhalda seg til. Kva skal dei no gjera med den sjeldne samlinga av krigseffektar?

-Å lagra noko som det ikkje er aktuelt å stilla ut, har lite for seg, slår Broch fast.

Samlinga av krigseffektar er alt i ferd med å spreiast for alle vindar. Gjenstandar SØF har fått låna frå private er levert tilbake til eigarane, og vil vera vanskelege å henta inn at, konstaterer dei to.

Men førebels ligg mesteparten av samlinga trygt lagra i SØF sitt depot.

Stor verdi
– Vi har fått forslag frå medlemmar om at samlinga bør seljast. Mange av gjenstandane har stor verdi om dei vert selde på den internasjonale marknaden, seier Broch og Bjørge.

Eit alternativ kan vera å låna ut gjenstandane til krigsmuseum andre stadar i landet, spekulerer Broch.
Kva som skal skje med samlinga vert opp til årsmøtet i Sotra og Øygarden forsvarsforening å avgjera. Saka er for viktig til at styret kan avgjera spørsmålet aleine, understrekar Broch.

Ingen kommentar
Nettavisa Tunnelsyn.no har freista innhenta kommentarar frå Museum Vest. Både stadansvarleg Vigleik Røkke Mathisen på Fjell festning og konstituert direktør Jenny Heggvik i Museum Vest er vekkreist på ferie og er ikkje tilgjengelege for kommentarar, opplyser Heggvik i ein SMS.

Advertisements

8 Comments

  1. Ja snakk om toskete ledelse… Austrått fort er ihvertfall verd og besøke… Og mange andre plasser før jeg gidder og reise til Fjell igjen.

    Likar

  2. Den enorme 28 cm kanonen frå slagskipet Gneisenau som skulle verna innseglinga til Bergen og ubåtbunkeren på Laksevåg er for lengst fjerna frå Fjell festning. I dag utgjer han midtpunktet i festningsmuseet på Austrådt……. Dette stemmer no ikke da, den som sto der ble vel hugd opp i småbiter. Vet ikke om det var A eller B tårnet som sto på Fjell ?, C tårnet står på Austrått / Ørlandet og har stått der siden krigen…. Ja og Norge holdt på å gi den bort til Tyskland igjen, og Tyskland var villig til å send folk og utstyr oppover for å demonter C tårnet og send det tilbake til hjemlandet. Men heldigvis så fikk noen ildsjeler stoppet det…..

    Likar

  3. På tide å gjøre noe for å bevare historien kanskje? Er glad jeg har sett de gamle utstillingene, de første utstillingene, før de private gjenstandene ble tatt bort. Stolt over å kjenne til hvilken enorm jobb de frivillige har gjort på anlegget fra de hadde åpen dag første gang, og sett hvordan utstillingene ble bedre og bedre. Noe av de som gjorde utstillingene levende var jo nettopp de uniformerte dukkene, våpnene, gjenstandene laget av russiske krigsfanger, rasjoneringskort +++ Gjenstander en kan se, gir en helt annen opplevelse enn flate bilder og plakater. Alle vi som har drevet med undervisning, vet at jo mer spennende og levende en kan gjøre stoffet, jo mer husker en etterpå.

    Det er hyggelig at det flotte området rundt blir brukt til turer og som friluftsområde, men selve festningsanlegget og den tilhørende historien bør behandles med den respekt den fortjener. Målet må vel være å formidle krigshistorie og lokalhistorie, heller enn å tjene penger?

    Likar

  4. Sotra og Øygarden Forsvarsforening (SØF) fikk enorm oppmerksomhet da de startet arbeidet og gjennomførte restaureringen av festningen og samlet inn unike gjenstander fra krigens dager. Hensikten var at disse gjenstandene skulle bidra til å kunne bringe historien videre til kommende slekter på en så realistisk måte som overhodet mulig. Samtidig ble historien om Fjell Festning skrevet, basert på til da lukkede kilder. Besøkstallene både på Åpen Dag og under frigjøringsmarkeringen taler sitt tydelige språk om at dette var en riktig vurdering. Jeg kan på ingen måte se at plakater alene er like egnet. Å fjerne disse gjenstandene blir derfor like idiotisk som å rive ut sider av en historiebok.

    Christen Bergflödt (tidl. styremedlem av SØF)

    Likar

  5. Når private med et skinn av kulturbevaring skal drive butikk for egen vinning….

    Den genuine og ekte interessen for det ekte – er totalt fraværende – herav for rekvisitter som våpen og annet krigsrelaterte materiell – der det ryddes vekk og erstattes med bilder og plakater !!

    En skremmende forvaltningspraksis for vår felles, unike krigshistorie, over Nord-Europas tidligere sterkeste festning med over 100 kanoner tilgjengelig.
    Med en styrke som gjorde den nærmest uovervinnelig – og faktisk var tungen på vektskålen til at invasjonen – D dagen – fant sted i Normandie og ikke i Norge.

    Men slikt er vel ikke viktig ?

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.