Då e seglskutefesten i gang…

I ettermiddag fortøyde dei første seglskutene i Bergen havn.

Cisne Branco.

Seglskutefesten Tall Ships Races byrjar offisielt ikkje før på søndag, men alt i ettermiddag ankom dei første stolte skutene.

Først framme i Bergen etter seglasen frå Rouen var brasilianske Cisne Branco. Mannskapet nytta ventetida i solskinnet i Bergen til å pynta på skuta.

Alltid noko som skal flikkast på og vedlikehaldast.
Loyal har no fast base i Florø.

Det vil seia, Loyal, ankom Bergen alt i går, etter ein frisk seglas frå Stockholm via Skagen. Når festen i Bergen er over vert galeasen med fortid frå Sotra med på siste etappen av Tall Ships Races til Århus.

30 seglskuter deltek i den offisielle seglasen. Til saman er det venta at eit 100-tals seglskuter vil setja kvarande stevne i Bergen frå søndag til og med onsdag komande veke.

Vermeldinga lover gråver og regn. Ikkje rart at bergensarar og strilar valgte å gjera det meste ut av ein solfylt fredagskveld midt i fellesferien.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.