Gjev Mathare-jentene ei «once-in-a-liftetime» oppleving

Eit jentelag frå Mathare-slummen i Nairobi tek oppladinga til Norway Cup på Sotra.

Anders Mongstad er organisatoren som sikrar at fotballjentene frå Mathare får lada sjølvtilliten før Norway Cup. Kven skulle tru at jentene som står i desse kajakkane ikkje kan svømma og aldri har sett sjø før i dag?

Heile veka skal Mathare-jentene i 13 – 14-årsalderen bu hos lokale vertsfamiliar, oppleva kjekke ting saman med jamnaldrande norske fotballjenter og få minner for livet.

Laurdag var det padlekurs hos Reigstad Unlimited på Misje som stod på programmet. Ikledd redningsvestar, saman to og to i breie, stødige kajakkar skulle jentene, som ikkje kan svømma og som aldri har sett sjø tidlegare, læra å padla.

-Ei «once-in-a-lifetime» oppleving for jentene, forsikrar leiar George Nange som er med jentene som lagleiar og støtteapparat.

Gje sjølvtillit
Fotball kan vera vegen ut av fattigdomen i Mathare-slummen. Konkurransen om å få delta på Norway Cup-laget er stor. For å verta utvald er det ikkje nok å vera god i fotball, jentene må og visa at dei tek ansvar i lokalsamfunnet, seier Nange.

Mange av jentene er oppvaksne i familiar med einslege foreldre. Då vert det viktig å gje jentene sjølvtillit og visa dei at det finst andre yrkesval enn den tradisjonelle kvinnerolla.

-Jenter kan også spela fotball på toppnivå, forsikrar lagleiraren.

Organisatoren
Dette er 19. gongen eit jentelag frå Mathare vitjar Sotra i samband med Norway Cup. Anders Mongstad er den utrøyttelege lokale organisatoren som har vore med heilt frå starten i 1996. Storparten av tida har han vore leiar for Mathare-komiteen i Fjell.

Det byrja som med mykje anna frivillig arbeid som involverer ungar. Eldstejenta i familien Mongstad spela på eitt av Øygard sine finalelag i Norway Cup det året Sotra-laget stilte med heile to jentelag i finalen. Anders og kona var støtteapparat.

Eit gutelag frå Mathare kom og til finalen same året, og vart heia fram av Øygardsjentene. Heiagjengen vart lagt merke til. Snart kom henvendinga frå Norges Fotballforbund om å ta mot eit jentelag frå MYSA neste år.

Tett program

Sponsing frå lokale krefter har gjort det mogeleg å henta jentelaget frå Mathare og støttespelarane deira til Sotra og Norway Cup. Her er dei i naustet på Misje før dagens padleøkt. Foto: Anders Mongstad.

Eit tett program ventar jentene den komande veka. Tall Ships Races, tur med Fløibanen, Burger King, klatring, gudsteneste i Foldnes kyrkje og venskapskamp mot eit jentelag frå Sotra Sportsklubb er berre nokre av postane.

Etter så mange år går mykje av planlegginga på rutine. Like fullt er det mykje som må organiserast, medgjev Mongstad.

-Alt er sponsa av lokale krefter. Utan eit nettverket av trufaste støttespelarar og sponsorar hadde det ikkje gått, seier Mongstad og gjev honnør særleg til Coast Center Base, Sparebanken Vest, Fagforbundet og Fjell kommune.

Uroleg for framtida
Den utrøyttelege organisatoren er uroleg for framtida. Å henta 20 personar frå Kenya til Norge kostar, sjølv om laget reiser på økonomiklasse.

Tapet av den økonomiske støtta frå Strømme-stiftelsen svei. Økonomien tillet ikkje lenger at dei hentar eit jentelag til Norge kvart år, berre kvart fjerde år.

Heldigvis har eine svigersonen overteke litt av engasjementet. Han kom opp med ideen om «Løp for Mathare». Slik samla dei inn 40.000 kroner i fjor og 30.000 i år. Slik dekka dei eigenandelen til den norske MYSA-komiteen, smiler Mongstad.

Les: Sprang for Mathare

Kva er det som driv deg?
-Eg synes det er gjevande. Når eg ser kva glede jentene har av å koma hit, er det verd det. Eg har og fått gleda av å dra på besøk til Nairobi og Kenya, smiler Mongstad.

Mathare-jentene er forresten ikkje det einaste prosjektet han har engasjert seg i i det afrikanske landet. Han er ein av eldsjelane bak samarbeidet med den kenyanske forretningsmannen og politikaren Shadrak Juma.

Les: Changemaker frå Nairobi

Er det nokon som undrast over at Anders Mongstad fekk Fjell kommune sin frivillig-pris nokre år tilbake?

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.