-Det som skjer på Fjell festning er berre tragisk!

Anita Garlid Johannessen håpar at SØF avventar med å selja effektene sine, og at det kan finnast ei løysing slik at effektane kan koma tilbake på Fjell Festning.

Utan Sotra og Øygarden forsvarsforening hadde ikkje Fjell fetning vore så flott som han er, er Anita Garlid Johannessen (FrP) overtydd om. Foto: Marianne Garlid Johannessen.

Anita Garlid Johannessen (Frp) trur mest ikkje det er sant, det ho les på nettavisa Tunnelsyn.no om striden mellom Sotra og Øygarden Forsvarsforening (SØF) og Museum Vest. Då ho for ikkje lenge sidan stilte spørsmål i formannskapet i Fjell om korleis stemninga er mellom samarbeidspartnarane, fekk ho vita at alt fungerte greit.

Les: Skyttergravskrig på festninga kan fråta Fjell sjeldan samling av krigseffektar

-Det som no skjer på festningen er berre tragisk, skriv kommunestyrerepresentanten i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no.

-Utan SØF så hadde vi ikkje hatt det flott anlegget som festningen no har
blitt. Innsatsen deira over fleire år er ubetaleleg. Dugnadstimene som er
lagt ned der er verd millionar av kroner. Eg kan ikkje tenkja meg at
hverken kommunen eller fylket hadde gjort noko med anlegget for å få det
så flott som det er i dag. Der hadde nok mangel på pengar stoppa arbeidet, antydar ho.

At Museum Vest har sagt opp deponiavtalen med SØF, og at krigseffektene
gradvis blir fjerna frå anlegget er ikkje mindre enn ein tragedie, og
svært vanskeleg for ein utanforstående å fatta. Kva skal erstatta
krigseffektene? Plakater? Som du kanskje kan få kjøpt i kiosken etter
omvisninga, spør Garlid Johannessen.

-Eg håpar at SØF avventer med å selja effektene sine, og at vi kan få dei
tilbake der dei hører heime – på Fjell Festning, seier Garlid Johannessen.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.