Sommarpraten: Padlemisjonæren

Aller helst opplever Laila Reigstad (46) verda på havnivå. Det smittsame engasjementet har ført til at ho kanskje er einaste norske kvinna som lever av å padla.

Ein draum av ein ferie for Laila Reigstad. Padlande mellom kalvande brearmar på Island. Foto: Privat.

Tørrdrakt er yrkesantrekk og kajakk er føretrekt framkomstmiddel for Laila Reigstad. Fire – fem dagar i veka – minst – set ho seg i den spinkle farkosten og padlar ut på sjøen. Ofte går turen vestover mot Turøy, med ein hale av kursdeltakarar eller turpadlarar på slep.

Nettavisa Tunnelsyn.no møtte den entusiastiske dama då ho gav Mathare-jentene eit trygt og tørt møte med det våte element. Berre smil og latter heile tida.

Les: Gav Mathare-jentene ei «once-in-a-lifetime»-oppleving

Tørrdrakt og kajakk er arbeidsutstyret for Laila Reigstad.

Ny karriere
Laila Reigstad har kort arbeidsreise. Med utgangspunkt i naustet nedanfor heimen på Misje driv den entusiastiske dama padlekurs og turverksemd i regi av einkeltpersonføretaket Reigstad Unlimited.

-Det vert turar med og utan mat, med og utan overnatting, reklamerer ho for padleverksemda.

All marknadsføring skjer via Facebook og Instagram. Så langt har businessen gått over all forventning. No vurderer ho å tilsetja folk.

Padleeventyret byrja etter at kontrakta ved Universitetet i Bergen enda i 2015. Då hadde ho jobba med mikrobiologi og molekylærbiologi i 20 år. Det som skulle verta eit halvt års tenkjepause og «husmor-ferie» enda opp i ein ny karriere som padle-instruktør og turarrangør, sertifisert av Norges Padleforbund.

Vått-kort

Å stå oppreist i kajakken er det berre dei aller dristigaste som prøver på.

«Vått-kortet» frå Norges Padleforbund er inngangsbilletten til det trygge padlarlivet. Kortet får ein enten etter eit fire-timars introduksjonskurs, eller eit 16-timars grunnkurs. Innhaldet i kursa er sett opp av Padleforbundet. På kurset lærer deltakarane mellom anna kameratredning og eigenredning i tilfelle uhellet skulle vera ute.

– Det er viktig at dei som padlar er trygge på redning. At dei veit kva dei skal gjera og ikkje får panikk, seier kursinstruktøren.

Utan Vått-kortet får du ikkje delta på turar, eller leiga kajakk, sjølv om du har padla trygt i 30 år.

-Har du Vått-kortet så har du også velta med vilje fleire gongar. Du veit at du kan redda nokon. Du kan til og med fleire måtar å redda deg sjølv på. Dette gjer deg til ein betre padlar og gjer padlegruppa sterk og robust.

Å vita korleis du skal koma deg opp att i kajakken er viktig for tryggleiken. Her demonstrerer Laila Reigstad ei cowboy-redning.

På kursa øver dei ofte redning i bølger under Turøybrua. Men ikkje alle treng utfordra skjebnen like aktivt som Laila. Denne dama ser ut til å trivast som selen i vatnet. Ho reiser seg gjerne opp og står i kajakken. Går det gale, gjer ho berre ein cowboy-redning. Smilet er like breidt.

Grønland
Erfaringa som gruppeleiar på Universitetet, med personal-ansvar, HMS, rekneskap og budsjettansvar for fleire titals millionar har kome godt med for kursarrangøren. Det krevst både kunnskap og nokre ekstra gir for å kunna leve fulltid av det som eigentleg var hobbyen.

For heimlege farvatn set inga grenser. I helga som var mellomlanda ho heime på Misje etter ein padletur mellom kalvande brearmar ved Vatnajøkull på Island.

Seinare denne veka tek ho med seg ei gruppe kursdeltakarar på 10-dagars padleekspedisjon på Sør-Grønland, for å padla og overnatta i telt i dei jomfruelege fjordane rundt Eirik Raude sin buplass Brattalid og isfylte fjordar med kval og sel.

Guiden er også kokk på turen. Deltakarane er førebudd på kortreist mat, kjøpt frå lokale jegerar. Det vil seia at fleire typar kvalkjøt, selkjøt, og kjøt frå moskusokse vil stå på menyen. Nybakt brød til frukost vert det og, lovar ho. Og sjølvsagt fiskar dei, plukkar bær til syltetøy, blåskjell til forretten og krydderurter til kjøtet, like ved telta.

I Narsarsuaq på Sør-Grønland ventar kajakkar og ein sjelden varm grønlandsk sommar. Det er mykje som må ordnast i forkant av slike villmarksturar, alt frå satellittelefonar og våpen til standby-apparat med båt og helikopter, og kjennskap kor mykje ni personar et på ni dagar.

-Tryggleik er viktig. Eg er nok over gjennomsnittet interessert i HMS, ler ho.

Grottepadling
Padlinga er like mykje livsstil som jobb. Skal familien på fire på ferie, er den samanleggbare kajakken med i bagasjen. Slik har ho, sambuaren og borna mellom anna fått oppleva grotter på Mallorca som dei færraste turistane veit noko om, kanalpadling i Amsterdam, høgfjellspadling på Haukeli, og issørpepadling på Kolltveit!

-Mallorca er ein fin stad å padla i grotter. Forskjellen på flo og fjøre er så liten er det ikkje er risiko for å verta stengt inne av tidevatnet, smiler ho. Og så er det jo alt frå fossile østers til stimar med gule fisk inne i grottene.

-Sånt piffar opp sydenturar. Du finn ikkje oss på all-Inclusive hotell, for å seie det slik!

-Laila er ei jente det alltid er gøy å vera saman med. Det skjer alltid noko der ho er, er attesten ho får frå padlekameraten Geir Grønhaug som bistod under sesansen med Mathare-jentene denne veka.

Når ho er heime arrangerer Laila padlekarusellar to gongar i veka. Nokre kjem heilt frå Indre Arna for å padla i tre – fire timar.

-Sosiale turar mellom holmar og øyer her vest gjer noko med dei som blir med på padleturane. Og det kjem så myke i tillegg til padlinga. Vi fisker frå kajakken, fyrer opp bål på ein holme, padlar med hovudlykt i bekmørkna om vinteren, eller utvidar turopplevingane ved å padla med spekkhoggarar og knølkval i Troms i mørketida.

-Kajakk er mykje meir enn å sitte på baken og løfte åra. Det er eit stille friluftsliv du kan driva med heile året, heile livet, smiler Laila Reigstad.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.