ACOS vann på heimebane

Berre tre IT-leverandørar på den norske marknaden var aktuelle til å levera sak- og arkivsystem til nye Øygarden.

Plan- og byggjesaksavdelinga i Fjell kommune får krass kritikk i ein forvaltningsrevisjonsrapport frå Deloitte.

Både Sund og Øygarden har tidlegare nytta ACOS sitt sak-arkivsystem i den kommunale sakshandsaminga. I programvareleverandøren sin heimkommune Fjell har dei imidlertid nytta ei konkurrerande løysing.

I anbodskonkurransen som vart lyst ut på tampen av fjoråret kom det inn tilbod frå to av dei tre aktuelle nasjonale leverandørane. ACOS trakk lengste strået.

Betre saksflyt og rapportering
-ACOS vann på kvalitet og pris, seier Grethe Oen, som har vore prosjektleiar for innkjøpet til nettavisa Tunnelsyn.no. Vinnaren vart avgjort av fagansvarlege og IT-avdelinga i fellesskap.

Prosjektleiaren framhevar mellom anna ACOS sin eigedomsmodul som vil bidra til å letta og gje betre oversikt over den kommunale saksflyten på området.

Rapporteringar, mellom anna til KOSTRA, er og ei oppgåve som vert venta å verta vesentleg einklare enn i dag.

Les: Fire scenarier for kommunal digitalisering

Det at to av kommunane frå før har nytta ACOS sitt sak- arkivsystem, var ikkje medverkande til valet av leverandør, ifølgje Oen.

Millionar i forskjell
Innkjøp av eit sak- arkivsystem er ei tung investering for nye Øygarden kommune. Prisen på vinnartilbodet er konfidensiell. Fleire millionar kroner skal ha skilt dei to innkomne tilboda, etter det nettavisa Tunnelsyn har fått opplyst.

Sak- arkivsystemet er ei stor og omfattande dataløysing som skal nyttast av kring 2.400 tilsette i nye Øygarden kommune. I følgje den inngåtte kontrakten skal systemet vera oppe å gå innan nyttår. Leverandøren har likevel teke høgde for at det kan verta behov å gjera tilpassingar og justeringar fram til neste sommar.

Kjem i tillegg
Eit sak- arkivsystem løyser langt frå alle kommunale oppgåver. I dei tre kommunane har det til no vore til saman 30 ulike dataløysingar. For å få ei heilskapleg kommunal dataløysing skal sak- arkivsystemet difor integrerast med ei rekkje andre dataløysingar, som økonomi og løn, sosial og omsorg og barnevern.

Ei portalløysing skal utgjera den nye kommunen sitt ansikt mot omverda. Innkjøpet av portalløysing har vore utlyst som eigen konkurranse. Ein konkurranse ACOS også gjekk sigrande ut av, ifølgje Oen.

Forlengja avtalar
Men ikkje alle dei kommunale IT-løysingane vert konkurranseutsette i denne omgangen. For koma i mål innan kommunesamanslåinga, har ein valt å utsetja konkurranseutlysinga av ein del av dei mindre, men spesialiserte dataløysingane der samtlege av dei tre kommunane har hatt felles leverandør. Her har ein i staden valt å forlengja dei tidlegare inngåtte avtalane, seier Oen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.