Fiskeslakteri slit med fortenesta

Fjoråret var turbulent for Bård Sekkingstad og Sekkingstad AS. Det viser att i rekneskapen.

Fiskeindustriverksemda Sekkingstad AS på Skageneset fekk ei driftsinntekt på 3 milliardar i 2018.

Rekordhøge lakseprisar var ikkje nok til å hindra inntektsreduksjon og svekka resultat hos fiskeindustriverksemda Sekkingstad AS på Skaganeset i 2018.

Turbulensen kring det omstridte slakteskipet Norwegan Gannet og samrøret med Sund Laksepakkeri AS og striden rundt dei oppsagte fagorganiserte industriarbeidarane medverka til å trekkja den økonomiske utviklinga i negativ retning.

Les: Utfordringar i kø for verdas første slakteskip

Les: Oppsagte laksepakkarar fekk fullt gjennomslag i retten

Konsern
Bård Sekkingstad er no den einaste av dei opphaveleg tre brødrene i Sekkingstadfamilien som framleis eig og driv familieverksemda, sjølv om eksterne krefter er henta inn til både leiing og styre. Siste året er det bygd opp ein konsernstruktur med fire verksemder, med investeringsverksemda Magel AS på toppen.

3 milliardar
Om vi ser vekk frå prosessanlegga i Øygarden, er Sekkingstad AS desidert den verksemda i nye Øygarden med største omsetninga.

Kjerneaktiviteten i fiskeslakteriverksemda Sekkingstad AS står for størsteparten av driftsinntektene i konsernet. Salet av slakta og filetert fisk og fiskeprodukt utgjorde i fjor 3 milliardar kroner. Ein nedgang på 127 millionar kroner samanlikna med året før.

Halvert resultat
Den imponerande driftsinntekta på 3 milliardar til trass, slit fiskeslakteriet med å tena pengar. Både driftsresultatet og resultatet før skatt vart halvvert samanlikna med året før. Resultatet før skatt enda på 32,4 millionar kroner, mot 64,1 millionar i 2017.

Driftsinntekta i konsernet enda på 3,76 milliardar kroner, 40 millionar svakare enn i 2017. Driftsinntekta i investeringsverksemda Magel AS tilsvarar den dotterselskapet Trient AS har sendt til Brønnøysund.

Driftsresultatet til konsernet enda på 34,8 millionar kroner. Finansinntekter styrka resultatet før skatt, som enda på 50,9 millionar kroner.

Sekkingstad AS
(Alle tal i 1000) 2018 2017
Driftsinntekt 3000 3127
Drifsresultat 34,1 67,8
Resultat før skatt 32,4 64,1
Trient AS
(Alle tal i 1000) 2018 2017
Driftsinntekt 3760 3800
Driftsresultat 47,6 91,1
Resultat før skatt 63,2 83,7

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.