Bergingsrederi tilbake i djupt farvatn

I 2016 slo eigarane Atlantis Offshore AS konkurs. To år seinare sigla det gjenoppståtte konsernet inn ein halv milliard.

Dagleg leiar Roy Wareberg har vore ein nøkkelperson i restruktureringa av verdiane frå tidlegare Atlantic Offshore AS i den nye verksemda Aegopodium AS. No eig han ti prosent av aksjane.

Aegopodium AS vidarefører drifta av fartøya til det havarerte Atlantic Offshore AS. To år etter konkursen er bergingsrederiet tilbake i djupt farvatn.
Med utgangspunkt i rederikontoret på CCB-basen på Ågotnes driftar Aegopodium-konsernet i dag elleve bergingsfartøy og tre forsyningsskip i Nordsjøen.

Rederiet flyt for tida høgt på ei aukande strategisk interesse for bruken av bergingsfartøy som alternativ til helikopter i Nordsjøen. Etter den dramatiske redningsoperasjonen av cruiseskipet Viking Sky på Hustadvika i mars har nye dører opna seg for Aegopodium AS og dagleg leiar Roy Wareberg, utan at det har ført til nye oppdrag, så langt.

Ein halv milliard
Konsernet, som omfattar elleve verksemder, sigla inn ein halv milliard kroner i driftsinntekt i fjor, ifølgje rekneskapane som er sendt inn til Brønnøysund. Dei to største dotterselskapa, Atlantic Offshore Epsilon AS og Atlantic Offshore Crew AS, bidrog kvar med over 100 millionar kroner til konserninntekta.

Driftsresultatet enda på 102,7 millionar kroner. Ei samla gjeld på 1,2 milliardar kroner gav høge rentekostnadar. Saman med avskrivingar reduserte det resultatet før skatt til 31,2 millionar. Eit resultat dagleg leiar Roy Wareberg i Aegopodium AS gjev inntrykk av at han kan leva godt med.

-Vi har fått det godt til, smiler Wareberg til nettavisa Tunnelsyn.no.

Nye kontraktar
Ratene i Nordsjøen er ikkje tilbake der dei var før oljeprisfallet i 2014, men aukande aktivitet hos oljeselskapa gjer at etterspørselen etter den typen fartøy som Aegopodium eig igjen er aukande.

Berre no i sommarmånadane har dei ulike dotterselskapa i konsernet inngått nye avtaler til ein samla verdi av meir enn ein halv milliard kroner, med ein varighet frå seks månadar til tre år, seier Wareberg.

Samla har fartøya i konsernet uteståande kontraktane ein verdi på kring to milliardar kroner, ifølgje konsernsjefen.

Les: Atlantic Offshore siglar vidare

Rederikonsernet sysselset i dag 370 personar. I underkant av 200 av dei har base på Sotra.

Vanskeleg å verta kvitt
Aegopodium er latinsk for ugraset skvallerkål. Namnevalet var langt frå tilfeldig, ifølgje konsernsjefen.

-Skvallerkål er etande, og vanskeleg å verta kvitt, ler han.

Slik har det vore med Aegopodium AS og. Usemje med kreditorane om nedbetaling av gjeld på 700 millionar førte til at eigarane slo Atlantic Offshore AS konkurs sommaren 2016.

Les: Kreditorane tapar 1/2 milliard – Atlantic Offshore konkurs

Hovudaksjonær Knut Øgreid i Stavanger hadde imidlertid tru på at rederiverksemd med bergings- og standby-fartøy til offshorenæringa var etande. Like før dei sende verksemda i skifteretten kjøpte han tilbake fartøy og kontraktar for 20 millionar kroner. Samstundes spytta han i 50 friske millionar til vidare drift.

Sidan då er ein del av dei eldste fartøya seld, eller ombygde. Nytt av året er at Aegopodium har funne nye nisjar innan seismikk og fiskerioppsyn for to av fartøya, fortel Wareberg.

Rettsak
Ikkje alle var like glade for Stavanger-investoren sitt tilbakekjøp av verdiane i Atlantic Offshore AS. Konkursbuet meinar Stavanger-investoren burde ha betalt 200 millionar i staden for 70. Verdifastsetjinga skal avgjerast i rettsapparatet utpå hausten.

-Verdifastsetjinga den gongen var rett. Nærare 20 verksemder vurderte å leggja inn høgare bod. Dei hadde 90 dagar på seg til å gjera det. Det at ingen gjorde det, vitnar om at 70 millionar kroner var det marknaden var villig til å betala på det tidspunktet, hevdar Wareberg som ser fram til å kunna leggja saka bak seg.

Aegopodium AS – konsernet 2018 2017
Driftsinntekt 503,3 482,4
Driftsresultat 102,7 98
Resultat før skatt 31,2 33,8
Eigenkapital 178,9 128,8
Gjeld 1210 1356
Atlantic Offshore Epsilon AS 2018 2017
Driftsinntekt 127,9 127,1
Driftsresultat 52,1 53,2
Resultat før skatt 37,4 36,1
Atlantic Offshore Crew AS 2018 2017
Driftsinntekt 102 101
Driftsresultat 96 27
Resultat før skatt 124 55

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.