Museum Vest: -SØF har fått tilbod om ny avtale

Kulturminister Trine Skei Grande (V) støttar Museum Vest si avgjerd om å ta kontroll over kva gjenstandar som skal stillast ut på Fjell festning.

Kva gjenstandar som skal stillast ut i tilknyting til den 12 meter høge kanonbrønnen i Fjell festning er det opp til Museum Vest og stadansvarleg Vigleik Røkke Mathisen (tv) å avgjera, fastslår kulturminister Trine Skei Grande (V).

Museum Vest seier ikkje tvert nei til å stilla ut krigseffektar innsamla av Sotra og Øygarden forsvarsforening på Fjell festning, seier Museum Vest sin stadansvarlege Vigleik Røkke Mathisen til nettavisa Tunnelsyn.no.

Ovanfor kulturminister Trine Skei Grande (V) som i dag vitja Sotra og Fjell festning berømma Røkke Mathisen Sotra og Øygarden forsvarsforening (SØF) sin innsats for å bevara det freda festningsanlegget for ettertida.

– Det er SØF sin innsats som ligg til grunn for det vi kan sjå her i dag. Stortinget vedtok i 1968 å fasa ut tyske kystfort. Utan SØF sin innsats ville det ikkje vore nokon ting å sjå på det no freda forsvarsanlegget, kunne stadansvarleg fortelja kulturministeren.

Samla krigshistorien
Fjell festning er freda, men festninga høyrer ikkje inn under Nasjonale festningsverk. Det vil seia at dei som jobbar med restaureringa må klara seg utan statlege midlar. Det kan det verta ei endring på.  I den varsla museumsmeldinga jobbar kulturministeren med å samla krigsmusea i ein organisasjon.

-I dag er det tilfeldig om eit krigsmuseum vert eigd av Forsvaret, Kulturdepartementet, Riksantikvaren eller Statsbygg, seier Skei Grande.

Resultatet vert ei fragmentert historieforteljing. Kulturministeren ønskjer i staden å sjå krigshistoria som del av eit større bilete.

– No er krigen såpass langt unna at det vert einklare å få det til, seier Skei Grande.

Konflikt
Stadansvarleg Røkke Mathisen sin heider til forsvarsforeninga hindrar likevel ikkje at det har oppstått ein tilsynelatande fastlåst konflikt mellom dei ulike interessane knytta til festningsanlegget.

Museum Vest sa i fjor opp deponiavtalen om utstilling av ei stor mengde krigseffektar, som våpen og uniformar, innsamla av Sotra og Øygarden forsvarsforeining, i kanonbrønnen på Fjell festning. Utan ein stad å stilla ut gjenstandane, vurderer forsvarsforeninga no å selja den sjeldne samlinga.

Les: Skyttergravskrig på festninga kan fråta Fjell sjeldan samling av krigseffektar

Vil ha kontroll
-Museum Vest ville gjerne framleis ha stilt ut fleire av gjenstandane på Fjell festning, men vi vil ha kontroll over kva som vert stilt ut, seier Røkke Mathisen.

Museet har tilbode SØF ein ny avtale. Vi skulle svært gjerne framleis ha stilt ut 15 av dei kring 150 gjenstandane som no er fjerna frå kanonbrønnen, legg Røkke Mathisen til.

Festninga si historie
Gjenstandar som er spesielt knytta til festningsanlegget si historie er det museet først og framst er interessert i å stilla ut, understrekar Røkke Mathisen.

Ei tralle som vart nytta til å frakta våpen, og ein mikrofon som vart nytta i det interne kommunikasjonsanlegget, er mellom dei gjenstandane Museum Vest sin stadansvarlege gjerne skulle ha behalde i utstillinga.

Uheldige formuleringar
Bakgrunnen for den uheldige situasjonen som har oppstått på festningsanlegget forklarar Museum Vest sin lokale representant med formuleringar i den opphavelege avtalen med SØF:

-Avtalen vart inngått medan Museum Vest enno var i ein famlande fase, og inneheld nokre uheldige formuleringar. Mellom anna skulle SØF ha anledning til å endra på utstillingane i museet. Det kan vi ikkje tillata, seier Røkke Mathisen.

Kuratoren har siste ordet
Kulturminister Trine Skei Grande fekk problemstillinga uventa i fanget då ho i dag vitja Sotra og Fjell festning.

Problemstilling er likevel langt frå ny for kulturministeren, som kjenner til ein tilsvarande diskusjon frå Nasjonalmuseet i Oslo, der leiinga har inngått ein avtale med Fredriksen-familien om å stilla ut delar av deira private kunstsamling.

-Det er soleklårt at det er musea sine kuratorar som avgjer utstillinga. Det er slikt vi har kuratorar til. Private skal ikkje styra slikt, seier Skei Grande.

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.