Overfører krigseffektar til Bjørn West museet?

Personlege effektar tilhøyrande den lokale motstandsmannen Kristian Fjell kan verta stilte ut på Bjørn West museet i Masfjorden.

Kristian Fjell var aktiv i motstandsorganisasjonen Bjørn West under andre verdskrigen. Dei personlege effektane han etterlot seg er mellom dei krigseffaktane som er fjerna frå utstillinga på Fjell festning.

Akkurat desse gjenstandane var på utlån frå familien, og er no levert tilbake til familien, ifølgje leiar Vidar Broch i Sotra og Øygarden forsvarsforening.

Les: Skyttergravskrift på festninga kan fråta Fjell sjeldan samling krigseffektar

– Gjenstandane til Kristian Fjell vil passa betre inn på Bjørn West museet, grunngjev Røkke Mathisen avgjerda om å fjerna akkurat desse krigseffektane frå festningsanlegget på Fjell.

Geriljamuseum
I tillegg til Fjell festning omfattar Museum Vest tre andre krigsmuseum; Nordsjøfartsmuseet, Herdla og Bjørn West. Bjørn West museet gjenfortel historien om dei dramatiske krigshandlingane som geriljabasen i Masfjord-fjella deltok i heilt i avslutninga av andre verdskrigen.

– Ei slik overføring til Bjørn West museet vil vi vera positive til, seier konstituert direktør Jenny Heggvik i Museum Vest i ein kort kommentar til nettavisa Tunnelsyn.no.

Noko konkret avgjerd er enno ikkje gjort, legg Heggvik til.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.