Vil samarbeida med Forsvaret om beredskapsplan

Etter ti år med stadige utsetjingar er ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) skeptiske til realismen i framdriftsplanen for nytt Sotrasamband. No må vi byrja tenkja på beredskapsløysingar, krev Fjell-ordføraren.

Skeptisk: -Vi må få eit årstal for ferdigstilling av Sotrasambandet som er realistisk og som held seg, krev Marianne Sandahl Bjorøy i eit brev til Samferdselsdepartementet.

Marianne Sandahl Bjorøy var på ferie og gjekk glipp av statssekretær Tommy Skjervold (FrP) si orientering om framdrifta på nytt Sotrasamband like før sommaren. Her fasthaldt han at Sotrasambandet skal stå klart til opning i 2025.

Les: Sende statssekretær for å få feriefred om Sotrasambandet

Vedlikehaldsbehov
Sotrabrua er einaste ferdselsåra for dei nærare 40.000 innbyggjarane i kommunane vest for Bergen og over til fastlandet. Brua vart opphaveleg dimensjonert for 12.000 ÅDT. Siste målingane viser at 30.000 reisande dagleg fer over brua til og frå jobb, skule eller andre ærend. Store mengder varer vert frakta til og frå.

-Etter kvart som tida går og dato for ferdigstillinga vert skjøve ut i tid, er eg uroa for korleis ein skal løysa transportavviklinga om noko skulle føra til at Sotrabrua må stengjast i ein eller fleire dagar, skriv Marianne Sandahl Bjorøy i eit brev til Samferdselsdepartementet.

Fryktar utsetjing
Bak etterlysinga ligg frykta for at opninga av det nye Sotrasambandet vil verta utsett, enno ein gong.

-Eg trur ikkje på opning av det nye Sotrasambandet i 2025, slik Samferdselsdepartementet lovar, seier Sandahl Bjorøy til nettavisa Tunnelsyn.no.

Fjell-ordføraren grunngjev påstanden med dei stadige utsetjingane som har vore i prosjektet, og som har vore vanskeleg å få oversikt over, sett frå rådhuset på Straume. Først vart sambandet lova å stå ferdig i 2017, så vart det 2020, og no er det altså 2025 som gjeld.

Etterlyser realismen
-Opning i 2025 skal halda hard, ut frå det dei sjølv tidlegare har sagt, argumenterer Sandahl Bjorøy.

Samferdselsdepartementet har lova ei utlysing av OPS-kontrakten i løpet av året. No står vi i byrjinga av august, så «i løpet av året» vil i beste fall bety heilt på slutten av året, tenkjer Fjell-ordføraren.

Les: Fryktar risiko i OPS-kontrakt

Departementet vil deretter trenga eitt år på å gå gjennom dei innkomne tilboda og avgjera kven som skal få oppdraget. Så vil vinnaren av OPS-utlysinga trenga eitt år på å rigga organisasjonen, før gravemaskinene omsider kan ta fatt på sjølve anleggsperioden, som vert opplyst å verta fire år.

– Vi må få eit årstal for ferdigstilling som er realistisk og som held seg, krev Fjell-ordføraren i brevet til Samferdselsdepartementet.

Forsvaret
Sotrabrua er riksveg, og Fjell kommune er ikkje vegeigar. Den nye kommunen må likevel ta fatt på arbeidet med ein beredskapsplan så snart som råd, meinar Fjell-ordføraren.

– Det er viktig at vi gjer dette no. Det tek tid å utarbeida ein beredskapsplan som tek omsyn til korleis folk forflyttar seg. Vi kan ikkje venta til den dagen stenginga av Sotrabrua er eit faktum, argumenterer Marianne Sandahl Bjorøy.

Arbeidet kan gripast an på fleire måtar, tenkjer ho. Konsulentverksemda COWI sin rapport om båtsamband peikar på mange mogelegheitar og er ei kartlegging som kan byggjast vidare på.

Les: «Alle» vil ha snøggbåt til Sotra

Eit anna alternativ er å inngå eit samarbeid med Forsvaret, nærare bestemt Haakonsvern, om lån av militære landgangsfartøy i tilfelle slik situasjon skal oppstå. Ei slik løysing vil imidertid reisa ei rekkje andre utfordringar, som parkering og interne bussamband, tenkjer Fjell-ordføraren.

Ho har imidlertid merka seg møtet mellom Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet 7. august.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.