Seniorkameratane fekk Erna til å dansa inn valkampen

Dei eldre stod i fokus då Erna Solberg opna valkampen på Sartor Storsenter saman med helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Statsminister og Høgreleiar Erna Solberg har oppdaga kor viktig det er å halda seg i aktivitet. Her dansar ho inn valkampen på Sartor Storsenter saman med Kjell Bergersen frå Bergen Senior Høyre.

Seniorkameratane helsa statsminister og Høgreleiar Erna Solberg velkomen til Sartor storsenter med «Jenter frå Bergen». Så lokka seniorane sine smektande trekkspeltonar statsministeren til dansa inn valkampen. Men så er då også eldre eit av Høgre sine viktigaste tema i kommunevalkampen.

Nordmenn lever lenger, og held seg friske lenger. Heile 87 prosent av dei eldre over 80 år bur framleis heime, og slik skal det vera, ifølgje Solberg. Difor vert det viktig for kommunane å følgja opp med tilbod slik dei kan trivast, kjenna seg trygge og unngå isolasjon.

Valkampopninga skjedde i samarbeid med Treff+ og Seniorsenteret. Statsminister Erna Solberg tok seg tid til å helsa på alle dei 60 – 70 deltakarane i forkant av pressekonferansen. Her helsar ho på Agnes Pettersen og Elin Stenhaug,

Mykje av inspirasjon til den landsomfattande valkampen har Høgre funne i Fjell, kunne statsministeren fortelja. No skal partiet ta til med å spreia den sokalla Fjell-modellen, med «Sjef i eige liv» til andre kommunar.

For det handlar ikkje berre om helsetilbod. Førebyggjande tiltak og rehabilitering er viktig. Skal eldre kunna bu heime lenger gjeld det å førebyggja passivitet, inaktivitet og einsemd. Men dei eldre må og kunna få tilbod om hjelp til einkle oppgåver som transport, handling og hagestell, ettersom kreftene sviktar.

Høgre ser for seg at oppgåvene vert løyste gjennom ein kombinasjon av offentlege tilbod, private tilbod og frivillig innsats.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.