Dramatisk auke i arbeidsløysa

Heile 101 fleire strilar stod utan arbeid i juli enn i månaden før. Mest dramatisk er utviklinga i Askøy.

Heile 74 fleire asketappar var registrerte som arbeidslause ved utgangen av juli enn ein månad tidlegare. Også i Fjell gjekk utviklinga feil veg.

NAV sin statistikk over arbeidslause ser fin ut, om vi samanliknar med same tida i fjor. Ser vi utviklinga månad for månad, ser utviklinga derimot langt meir dyster ut for kommunane vest for Bergen.

Totalt 1146 personar i Sund, Fjell, Øygarden og Askøy var registrerte som arbeidslause i juli, ifølgje NAV. Av dei var 999 registrert som heilt arbeidslause, medan 147 deltok på ulike formar for tiltak.

Samanliknar vi med tala for juni, stod 101 fleire personar utan arbeid ved utgangen av juli enn det gjorde ein månad tidlegare.

Mest dramatisk har utviklinga vore i Askøy. 440 ledige innebar at heile 74 fleire asketappar stod utan arbeid ved utgangen av juli enn ein månad tidlegare.

Fjell har slite med ei arbeidsløyse som jamnt over har vore høgare enn i Askøy. Også i Fjell tok utviklinga eit stort steg i feil retning i juli. Her var det 24 fleire ledige no enn ein månad tidlegare.

I Sund og Øygarden haldt talet på ledige seg nokonlunde stabilt. Totalt i nye Øygarden er det no 706 personar utan arbeid. Talet på ledige auka med 27 personar i juli.

Arbeidsmarknaden juli 2019
Heilt ledige På tiltak Totalt juli Totalt juni 2019 Endring
Sund 117 10 127 126 1
Fjell 419 75 494 470 24
Øygarden 75 10 85 83 2
Nye Øygarden 611 95 706 679 27
Askøy 388 52 440 366 74
Totalt 999 147 1146 1045 101
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.