Eit rødmande landskap

Ein fottur på Sotra tidleg i august vert ein tur gjennom eit rødmande landskap.

Eit klassisk Sotra-landskap, med blømande røsslyng.

Våren er tid for det grøne. Raudfargen har kystlandskapet spart til august. Blømande røsslyng ligg som eit teppe over langskapet og skapar feststemning på vestsida og nordover i Øygarden om dagen. Nærare busetnaden syt svaiande geiterams for nyansar i den raude paletten.

Ryllik er ein gamal kulturplante som er i ferd med å forsvinna frå Sotra. Den rosa er enno sjeldnare. Dette feltet må du til Herdlevær for å sjå.

Ser du godt etter, finn du kan hende raudkløver, eller enda til eit felt med rosa ryllik i ei eng slåmaskina enno ikkje har nådd.

Geiteramsen breiar seg i grøftekantane.

Langtidsvarselet lovar lettskya opphaldsver og passe turtemperatur mesteparten av veka som kjem, så her er det berre å gripa dei fristundene ein kan.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.