Avdramatiserer funn av e-coli

Sund kommune har funne e-coli-bakteriar i ein vassprøve i nedslagsfeltet til drikkevasskjelda Kørelen.

Dette biletet er teke frå Sund kommune sitt tilsyn på Tveita i juni. Det er likevel uklårt korvidt det er dette som var kjelda til e-coli-bakteriane som er funne i vassprøvane.

Det bekreftar teknisk sjef Ole-Karsten Midtgård i Sund kommune til nettavisa Tunnelsyn.no.

Prøvane vart tekne av Helsevernetaten i Bergen kommune 16. juli. Alt dagen etter var det klart at det var funne spor av ferske fekale bakteriar i vassprøven som er henta frå nedslagsfeltet til drikkekvasskjelda til sundsokningane, ifølgje Midtgård.

Teknisk sjef Ole-Karsten Midtgård i Sund kommune bekreftar at dei har funne e-coli-bakteriar i ein vassprøve som er teken i nedslagsfeltet til Kørelen.

Usikker kjelde
Kva som er kjelda til e-coli-bakteriane er usikkert, ifølgje Midtgård. Vassprøven vart teken frå ei elv på Tveita, men på eit anna område enn der Sund kommune stoppa eit pågåande anleggsarbeid like før ferien i frykt for at drikkevatnet skulle verta ureina.

Les: Stoppa anleggsarbeid – vil sikra seg mot ureining av drikkevatnet

-Det er usikkert korvidt e-coli-funnet har noko med det stoppa anleggsarbeidet å gjera. Tveita er også eit landbruksområde, seier Midtgård.

Vassprøven vart teken etter at anleggsarbeidet vart stoppa. Både Sund VA og Mattilsynet har vore haldne løpande orientert om saka, ifølgje Midtgård.

Avdramatiserer
Det er Sund VA som har ansvaret for kvaliteten på drikkevatnet i Sund.

Bakteriefunn i råvatnet er ganske vanleg, ifølgje driftsleiar Knut Rune Torsvik i Sund VA. Han ser ingen grunn til å dramatisera funnet av e-coli i elva på Tveita.

-Sundsokningane skal ikkje vera uroleg for kvaliteten på drikkevatnet. Det er ikkje funne e-coli eller koliforme bakteriar på nokon av råvassprøvane vi har teke i år, seier Torsvik etter å ha dobbeltsjekka prøveresultata når nettavisa Tunnelsyn ringjer.

Jamnlege prøvar
-Sund VA føl med på endringar i vasskvaliteten i Kørelen. Vi tek prøvar av både råvatn som kjem inn og det vatnet som går ut til abonnentane kvar veke. Så langt har vi ikkje funne noko endringar i prøvane som tilseier at det har vore grunn til ekstraordinære reinsetiltak, seier driftsleiaren i Sund VA.

Stabile vassmassar
Sund VA hentar råvatn frå 70 meters djup. På denne djupna er det relativt stor stabilitet i vassmassane. Det vil difor ta lang tid før ei eventuell ureining vil trengja ned til vassinntaket, ifølgje Torsvik.

-Sund VA har nulltoleranse for alle formar for bakteriologi i det vatnet vi sender ut til abonnentane, seier Torsvik.

-Vi er opptekne av å verna drikkevasskjelda og nedslagsfeltet mot utslepp som kan påverka vasskvaliteten på sikt. Vi tek alle uromeldingar på alvor, legg Torsvik til.

– Vi opplever at Sund kommune handterer denne saka i samsvar med reglane, legg driftsleiaren i Sund VA til.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.