Samferdselsministeren på CCB: – Då må eg berre fiksa ei bru!

-Det vi har sagt om framdrifta på Sotrasambandet, det skal vi halda, lova samferdselsminister Jon Georg Dale (FrP) under snarturen innom CCB AS på Ågotnes.

Konserndirektør Øyvind Langedal (th) og Christian Carter i CCB AS snakka varmt for behovet for å samordna dei mange planane i tilknyting til utflyttinga av Bergen havn til Ågotnes og behovet for utbygging av ein tilfredstillande infrastruktur.

Utflytting av hamna, landstraum og nyorienteringa i retning av ei meir fleksibel og mindre sårbar drift i forhald til dei 2.500 arbeidsplassane på offshorebasen, var hovudpunkta på dagsorden då samferdselsminister Jon Georg Dale stakk innom Coast Center Base AS på Ågotnes på Vestlandsturneen sin i dag ettermiddag.

Stort og viktig bidrag
Ei realisering av Sotrasambandet vil vera eit stort og viktig bidrag til å styrka den lokale verdiskapinga i tilknyting til basen i samband med utflytting av hamna frå Bergen sentrum, seier samferdselsministeren til nettavisa Tunnelsyn.no.

-Det vi har sagt om framdrifta på Sotrasambandet, det skal vi halda, lova Dale.

Sjølv hevdar samferdselsministeren at han held fullt trykk på å få ut anbodsutlysinga.

-Eg purrar på, heile tida, seier Dale.

Det varsla statusoppdateringsmøtet mellom Samferdsledepartementet og Vegdirektoratet skjer 7. august slik som planlagt, men utan at samferdselsminister Jon Georg Dale er tilstade. Han skal til mellom anna til Jølster.

Ingen dato
Men nokon konkret dato for utlysinga kan han framleis ikkje lova. Det varsla statusoppdateringsmøtet med Vegdirektoratet 7. august går som planlangt, men utan at ministeren sjølv er tilstade.

Les: Sende statssekretær for å få feriefred om Sotrasambandet

-Det er bra dei held trykket oppe på Sotrasambandet, sjølv om det går litt seinare enn ønska. Det som har kome opp den siste tida og ført til forseinkingar ville ha kome opp, uansett, seier Anita Garlid Johannessen.

Omklassifisering
Samferdselsministeren uttrykte også forståing for behovet for ein tilfredstillande vegstandard heilt ut til Ågotnes.

Noko omklassifisering av vegen frå Kolltveit til Ågotnes frå fylkesveg til riksveg, og oppgradering til fire felt, slik Fjell kommune har oppfordra om, kunne Dale derimot ikkje lova på ståande fot.

Les: Utfordrande å planleggja for ei ukjend framtid

Over på sjø
Samferdselsministeren har også ansvar for hamneverksemd og sjøtransport. Utflyttinga av hamna frå Bergen sentrum har potensiale til at meir av godset mellom basane kan verta overført frå veg til sjø, seier Dale.

Han håpar på godt resultat av dei stimuleringsordningane som nyleg vart innført.

Snøggbåtrute
Oppfordringa frå konserndirektør Øyvind Langedal og viseadministrerande Christian Carter om at samferdselsdepartementet også bør i bidra til verkeleggjeringa av den lenge etterlengta snøggbåtruta for passasjerar, fekk derimot ei blanda mottaking.

Les: «Alle» vil ha snøggbåt til Sotra

Fylkespartiet ikkje kan støtta ei slik rute økonomisk, all den stund fylket må spara 400 millionar kroner, var partifellene Anita Garlid Johannessen og andremann på fylketingslista Sigbjørn Framnes svært tydeleg på.

-Vi får koma tilbake til spørsmålet når fylket har gjort sine vurderingar, sa Dale.

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.