Ein grøn møteplass tek form

Vert du med Sartorsjefen Ernst Morten Einarsen på ei omvising i den framtidige parken på Straume, kan du venta deg ei og anna overrasking.

Ryllik og blåklokker er utrydningstruga kulturvekstar på Sotra. Denne tuva på utkikkspunktet skal takast vare på, lovar Ernst Morten Einarsen.

«Park» er eit pretensiøst ord. Kva kan strilane no venta seg frå Sartorsjefen? I håp om å få svar har nettavisa Tunnelsyn.no vore med byggherren, Ernst Morten Einarsen, på ei omvising i det halvferdige anlegget.

Tilpassa Straume
Sitjande mellom ryllik og blåklokker på utkikkspunktet i sørenden av området som skal bevarast som ei grøn lunge i regionsenteret Straume, har Sartorsjefen fri sikt mot det modernistiske handlesenteret som ruvar tvers over Arefjordvegen.

Den blomepryda vesle tuva han sit på skal takast vare på, fortel Einarsen.

Ryllik og blåklokker er stadeigne kulturplantar som kjempar på vikande front på Sotra. Området som inntil nyleg var Lillebø-familien sitt sauebeite skal få ny bruk som park. Rogn, selje, hassel, einer, svartor og lyng skal framleis få lov til å vitna om den stadeigne vegetasjonen.

Landskap og vegetasjon skal tilpassast Straume, Sotra og kystlandskapet på øyane vest for Bergen. Denne parken kunne ikkje ha lagt kvar som helst, er Einarsen og landskapsarkitekt Rainer Stange i Dronninga landskap AS i Oslo som har utforma sjølve byggeplanen samde om.

Byen sin hage
Der andre vil sjå plantar, grusa stiar og ein dam, ser Einarsen i staden for seg ungar som går på skøyter på dammen, eller som plukkar bær og frukt rett frå buskane.

Parken skal verta ein utandørs møtestad for bebuarane i området og for tilreisande til handlesenteret, er tanken.

– Ein park er ein del av urbaniseringa. Når Straume vert by, og folk ikkje lenger har hagar, vert parken byens hage. Det vert ikkje nokon ordentleg by utan ein park, supplerer landskapsarkitekten.

Som ein innandørs møtestad i tilfelle regn og ruskevêr, skal den gamle løo omgjerast til kafè. Ei restaurering som skal gjerast med gjenbruksmaterialar, tenkjer Einarsen.

Utan dynamitt
Å ta vare på sentrale landskapstrekk har vore viktig. Sjølv om gravemaskinene har hatt det travelt i fleire månadar alt, skal det åtte mål store grøntområdet formast utan bruk av dynamitt, fortel byggherren som tidlegare har rysta innbyggjarane på Straume gjennom fleire år med sprengingsprosjekta sine.

Det vasstrukne jordet er grave ut til det som skal verta ein parkdam. Undervegs i arbeidet avdekka gravemaskinene forgneisa berg frå Øygardskomplekset, danna for meir enn 545 millionar år sidan. Berga skal danna naturlege øyar i dammen som skal plantast med vassreinsande vekstar for å hindre algegroing, ifølgje landskapsarkitekten.

Tett og kompakt
Ordet «park» saman med det begrensa arealet, tilseier at vegetasjonen skal verta tett og kompakt, forklarar landskapsarkitekten. Beslekta sortar skal samlast i mindre felt, som skal bindast saman med ein 600 meter lang universelt utforma grusveg kanta med vestlandsmur.

Blikkfang. Denne trappa er laga av larvikitt, som er Norges nasjonalstein. Nåde den som vågar påstå den er laga av granitt importert frå Kina!

Eit blikkfang uansett årstid vert den seks meter høge trappa laga av larvikitt som er Norges nasjonalstein. Nåde den som vågar påstå at dette er granitt importert frå Kina.

Ved å tilby noko som blømer ni månadar i året, håpar landskapsarkitekten å kunna gjera parken meir attraktiv. Hassel og or startar bløminga alt i februar – mars. Sesongen avsluttast med frukt og haustfargar.

Rugosa
Plantar treng tid til å veksa. Først om tre år vil ein kunna øyna det endelege omfanget av vegetasjonen.

400 rugosahybridar av sorten Moje Hammarberg vil danna ein tett vegg mot Lonavegen om nokre år. Ikkje eingong ein allergikar som Einarsen klarar la vera å stikka nasen nedi.

Dei som ferdast langsmed Lonavegen har kan hende alt fått med seg dei 400 Rugosa-hybridane av sorten Moje Hammarberg som i desse dagar står i ei tidleg bløming. Moje Hammarbeg har mange av Rugosaen sine eigenskapar, men vert ikkje omfatta av raudliste-forbodet.

Les: Uønska i Norge

-Dei blømer lenge og duftar godt, smiler Einarsen. Rosedufta freistar allergikaren til å stikka nasen nedi.

-Dessutan vert dei store, smiler han og demonstrerer høgda med armen på bakgrunn frå erfaringa frå hagen heime på Foldnes.

Plukk sjølv
Lokale lyngsortar som purpurlyng, røsslyng og klokkelyng vil utgjera eitt eige felt i parken.

Frukt- og bærbuskar vil dominera i eit anna felt. Her er tanken at publikum skal kunna plukka og eta rett av buskane, seier Einarsen.

Blomeeng skal erstatta den tradisjonelle plenen, men akkurat kva frø som skal såast her har dei enno ikkje avgjort.

-Dette skal verta ein kystbotanisk hage. Den stadeigne vegetasjonen skal kombinerast med storvaksne buskar og små tre henta frå kyststrok andre stadar i Skandinavia, fortel landskapsarkitekten.

Møtt med skepsis
Få kommunale planleggjarar tok han på ramme alvor då han kring 2005 byrja snakka om å laga ein park på Straume, hevdar Einarsen.

Parken kom uansett inn som eit rekkefølgjekrav i utbygginga. No er tida moden til å gripa fatt i ideen og verkeleggjera han, fortel byggherren.

Helst skulle grøntområdet ha vore ferdig til bebuarane flytta inn i blokka Straume-porten, men det rakk utbyggjaren ikkje. Opninga kan venteleg ikkje skje før til neste vår. Innan den tid vil dei ha brukt 12,5 millionar på prosjektet. Dessutan er det sett av 2,5 millionar til ombygginga av løo, kalkulerer han.

Den ferdige parken skal overdragast til kommunen. Då vil også Sartorsjefen få refundert ein del av kostnadane gjennom utbyggingsavtalen.

Namn
Å finna eit eigna namn til grøntområdet har vist seg å skapa uventa hovudbry.

Namn som Straume-hagen og Sartor-parken er jo alt oppbrukte, og det attpåtil av hans eigne blokkprosjekt, klagar ein smilande Einarsen.

Som eit arbeidsnamn har dei blitt samde om Sartorlunden. Om namnet vert ståande, i ein kommune der namneval har ein tendens til å skapa debatt, får tida visa.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.