Gjestekommentar: Namnet på den nye kommunen bør vera Sotra

Kva er meir naturleg enn når ein kjører over Sotrabrua, så kjem ein til Sotra kommune?

Av Olav Kåre Fjell

For meg vil namnet alltid vera, så lenge eg lever: Sotra.

Eg irriterer meg umåteleg over at ei lita gruppe politikarar har teke seg den frihet å bestemma namnet på den nye storkommunen over hovudet til befolkningen. Det er heva over ein kvar tvil at fleirtallet er imot namnevalget. Inga partiprogram har gitt dei eit slikt mandat.

Om politikarane vil stilla seg bak eit vanleg demokrati, så må dei gå inn for folkeavstemming; gjer dei ikkje det, så står dei bak diktatur. Hadde aldri trudd eg skulle oppleva dette vanviddet. Namnet på kommunen bør vera Sotra; kva er meir naturleg enn når ein kjører over sotrabrua, så kjem ein til Sotra kommune!

Fjell, Sund og Øygarden kommune skal slå seg saman til ein kommune frå 1. januar 2020.

Innbyggjarundersøkingar viser at:
9 av 10 vil ha eit anna namn enn Øygarden
7 av 10 meiner det er svært viktig å få fram eiga meining i ny kommune
2 av 10 har tillit til lokalpolitikarane

La folket bestemma – ja til folkeavstemming!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.