Alltid nyfiken på nye inntektskjelder

Det gjeld å jobba kortsiktig, men tenkja langsiktig, forklarar nytilsett konserndirektør Øyvind Langedal i Coast Center Base AS den vidare strategien for hjørnesteinsverksemda på Ågotnes.

Prosjekta på riggvedlikehald stod for halvparten av omsetninga til Coast Centar Base i fjor, fortel nytilsett konserndirektør Øyvind Langedal.

Coast Center Base AS (CCB) på Ågotnes har vore gjennom nokre tunge år. Talet på tilsette er halvert samanlikna med toppåret 2014. Ein fot innanfor på nye aktivitetsområde gjer imidlertid at nytilsett konserndirektør Øyvind Langedal ser lyst på framtida.

Les: CCB-sjefen om den lange nedoverbakken

Auka med 40 prosent
Konsernet omsette i fjor for vel 1,2 milliardar kroner, opp 350 millionar kroner samanlikna med 2017. Dotterselskapa CCB Mongstad AS og CCB Subsea var dei største bidragsytarane, med henhaldvis 365 millionar og 74 millionar kroner, ifølgje rekneskapane som er sende til Brønnøysund.

Resultatet før skatt enda på 35,7 millionar kroner – dobbelt så mykje som året før.

Nyfikne
-Når CCB har klart oss så bra, er det fordi vi alltid har vore nyfiken på nye aktivitetsområde. Vi har ikkje låst oss til eit område, forklarar Langedal.

Satsinga på riggvedlikehald er det som har gjeve best utteljing, så langt. Prosjekta innan vedlikehald sørga for kring halvparten av inntektene i fjor.

Breiare satsing
Frå å vera hovudsakleg forsyningsbase for Statfjordfeltet, har aktivitetane siste åra utvikla seg i fleire retningar. Som eit resultat, er lagerlokala på baseområdet på Ågotnes er i desse dagar fylte til randa med fiskefor, smiler Langedal.

Basen har og inngått rammeavtale med Forsvaret om å fungera som sivil avlastningshamn.

Satsa i motgang
– Det gjeld å jobba kortsiktig, sørga for inntekter i dag. Samtidig må du tenkja langsiktig og planleggja for kvar du skal, oppsummerer Langedal strategien vidare for hjørnesteinsverksemda på Ågotnes.

Viljen til å satsa i motgang er ein av suksessfaktorane Langedal gjerne vil framheva.

Sjølv om baseområdet ligg der, er mange av dei nye aktivitetane av ein slik art at dei krev tunge investeringar i forkant.

Tunge investeringar
Forsyningsskipa som før trafikkerte basen var mange og relativt små. Overgangen til å verta transittbase for tunge subseainstallasjonar, og som avlastningshamn for Forsvaret, inneber at langt større fartøy no nyttar basen. For å dekka behovet for auka til kai-lengde har dei sett i gang arbeid med å forlengja eine kaien frå 60 til 140 meter, fortel Langedal.

Installasjonen av landstraumanlegg for supplyfartøy og riggar har blitt godt motteken. Dei har også laga botnfundament for mottak av oppjekkbare riggar.

Les: Trur landstraum vert lovpålagt – håver inn Enova-støtte

Les: Opnar nytt marknadssegment for CCB

-Til saman har vi investert over 100 millionar kroner i ny infrastruktur på basen dei siste åra, seier Langedal.

Coast Center Base AS – konsern
2018 2017
Driftsinntekt 1235,3 884,6
Drifsresultat 38,3 23,9
Resultat før skatt 35,7 18,1
CCB Subsea AS
2018 2017
Driftsinntekt 74 26,9
Driftsresultat 8,7 1,2
Resultat før skatt 7,7 1
CCB Mongstadbase AS
2018 2017
Driftsinntekt 365,2 374,2
Driftsresultat 12,7 16,5
Resultat før skatt 13,2 17,2
Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.