Nedbemanna 35 gjennom naturleg avgang

Naturleg avgang vart løysinga då CCB Mongstad AS skulle tilpassa aktivitetsnivået til redusert volum.

-Det finst ingen arbeidstidsordningar som tek høgde for store svingningar i aktivitetsnivået frå ein dag til den neste, konstaterer konserndirektør Øyving Langedal i Coast Center Base AS.

Nytilsett konserndirektør Øyvind Langedal i Coast Centar Base AS kjem frå stillinga som administrerande i dotterselskapet CCB Mongstadbase AS, og har jobba i konsernet sidan 1998.

Ein av dei første oppgåvene han fekk i fanget då Coast Center Base AS kjøpte Mongstadbase AS i 2016 var å tilpassa bemanninga på forsyningsbasen til å handtera svingningane i Equinor sitt behov.

Frå 2016 til 2018 vart volumet over forsyningsbasen redusert med 20 prosent.

Redusert volum
-Det var ei utfordring å få til ei lønsam drift med redusert volum, seier den tidlegare administrerande i CCB Mongstad AS.

Samstundes var det store svingningar i aktivitetsnivået frå ein dag til ein annan.

-Det er ingen arbeidstidsordningar som ivaretek slike svingningar, konstaterer Langedal.

-Vi var forplikta til å levera kapasitet. Skulle vi evna å ta unna toppane, kunne vi ikkje nedbemanna til eit minimum. Vi måtte halda bemanninga på eit snitt, seier Langedal.

Måtte trekkja oppseiingar
Først forsøkte dei seg med oppseiingar. Noko som førte til uro, og svekka effektivitet.

-Dei store daglege variasjonane i aktivitetane medførte at vi måtte trekkja oppseiingane, skulle vi klara å få jobben gjort, seier Langedal.

I staden satsa dei på naturleg avgang. Tilsette gjekk av med pensjon, slutta, eller flytta vekk. Slik reduserte dei staben med 35 personar i løpet av desse to åra, seier den nye konserndirektøren i Coast Center Base AS.

-Samstundes har vi jobba med ulike forbetringstiltak. Tenestetilbodet er ivareteke, samstundes som vi no er i stand til å ta på oss auka volum utan å tilsetja fleire, seier Langedal.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.