Set trykk på grunnerverv

Kritiske grunnerverv som kan utsetja framdrifta av Sotrasambandet skal prioriterast.

-Eit betryggande møte, seier statssekretær Tommy Skjervold (FrP) i Samferdselsdepartementet om gårsdagens møte med Statens vegvesen og Vegdirektoratet om status på framdrifta på Sotrasambandet. Arkivbilete.

Det er eitt av signala frå gårsdagens møte mellom Samferdselsdepartmentet, Statens vegvesen og Vegdirektoratet om status på framdrifta på Sotrasambandet, ifølgje statssekretær Tommy Skjervold (FrP) som leia møtet.

-Det var eit veldig bra møte. Det er full framdrift i prosjektet. Statens vegvesen har teke signala, forsikrar Skjervold til nettavisa Tunnelsyn.no.

Fleire utsetjingar
Bygginga av nytt Sotrasamband skal skje som eit OPS-samarbeid. Verdien på kontrakten vert stipulert til kring 10 milliardar kroner.

Les: Sotrasambandet kan setja verdsrekord

Utlysinga av OPS-kontrakten har blitt utsett fleire gongar. Før ferien forklarte samferdselsdepartementet den stadige utsetjinga med uavklart risiko når det gjaldt høgspentkablar og grunnerverv.

Les: Fryktar risiko i OPS-kontrakt

Kritiske grunnerverv
Under gårsdagens møte vart departementet samde med Statens vegvesen om at vegvesenet skal prioritera grunnerverv som er kritiske for framdrifta og som må vera på plass før utlysinga av OPS-kontrakten kan skje, seier Skjervold.

Totalt 700 eigedomar vert omfatta av utbygginga. Kor mange av grunnerverva som vil vera kritiske for anbods-utlysinga, kan statssekretæren ikkje seia på ståande fot.

Samlar OPS-kompetanse
Drivinga av tunnelar for høgspentkablane går for fullt, fekk Skjervold forsikringar om under møtet.

Vegstyremaktene samlar no all OPS-kompetansen dei har, for å få klar anbods-utlysinga, legg statssekretæren til.

Fastheld 2025
-Ambisjonane mine, om utlysing av OPS-kontrakten i 2019 og trafikk på sambandet i 2025, som eg la fram under møtet med ordførarane før ferien, står ved lag, forsikrar statssekretær Tommy Skjervold i Samferdselsdepartementet.

Les: Sende statssekretær for å få feriefred om Sotrasambandet

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.