Maria Ekerhovd om tru, håp og tvil

Tru, håp og tvil er tema for filmen Maria Ekerhovd og Mer Film AS lanserer under årets BIFF-festival.

Maria Ekerhovd har vore produsent for «Disco». Dansefilmen med eit religiøst bakteppe er ein av hovudfilmane på årets BIFF-festival.

På overflata framstår alt perfekt. 19 år gamle Mirjam er stedotter til den karismatiske pastoren i menigheten Friheten. Som regjerande verdsmeistar i disco freestyle dans, og leiar av frikyrkja si ungdomsgruppe vert ho sett opp til av kyrkjelyden. Men under VM kollapsar ho på dansegulvet. Ei hending som fører henne på leiting, i retning ein strengare og meir konservativ kyrkjelyd.

Josefine Frida Pettersen, kjent som Noora i SKAM, spelar hovudrolla som Mirjam. Dette er første spelefilmen ho medverkar i.

Eg gler meg enormt til å koma heim og visa Disco til Biff sitt fantastiske publikum. Og eg vågar hevda at dei kan gle seg til ein rørande, sterk og viktig film, seier produsenten Maria Ekerhovd i Mer Film AS i ei pressemelding frå BIFF.

BIFF feirar i år 20-årsjubileum. Filmfestivalen går av stapelen i dagane 25. september til 3. oktober.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.