Fisk, offshore og byggjeverksemd

Øykommunane vest for Bergen er bygde på fisk, offshore og byggjeverksemd, og litt handel. 38 lokale verksemder passerte 100 millionar kroner i driftsinntekt i fjor. Samla omsette dei for 16 milliardar.

Næringslivet i øykommunane vest for Bergen går oftast under radaren til finansredaksjonane i dei nasjonale mediene. Det er det ingen grunn til, viser oversikten over verksemdene i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy som nettavisa Tunnelsyn.no har utarbeida.

Slik er undersøkinga gjennomført
31. juli gjekk fristen ut for å senda inn årsrekneskapen for 2018 til Brønnøysund. Av dei 3.500 aksjeselskapa med adresse i region Vest hadde 38 levert rekneskap der driftsinntekta passerte 100 millionar kroner. Berre verksemder med driftsinntekt frå produksjon og handel er med i oversikten. Verksemder der heile eller ein storparten av inntekta kjem frå kapitalinntekter er ikkje rekna med.

I verksemder med konsernstruktur, er det den samla konserninntekta som er oppgjeven. Slike verksemder er merka med (k). For å unngå dobbelt bokføring er dotterselskap som bidrog med meir enn 100 millionar til den samla konserninntekta ikkje tekne med.

Den lokale eigarskapen gjer det naturleg også å ta med Brødrene Ulveseth AS, sjølv om dei formelt har adresse på innsida av brua.

Milliardklubben
Tre konsern stiller i særklasse, og fortenar ein plass mellom dei 500 største verksemdene i Norge.

Til saman omsette dei tre for 8,67 milliardar kroner i fjor – meir enn halvparten av den samla driftsinntekta til dei 38 verksemdene med størst omsetnad i regionen.

Magel AS, eigarselskapet til fiskeriforedlingsverksemda Sekkingstad AS på Skaganeset i Sund, toppar oversikten, med ei konsernomsetning på heile 3,76 milliardar kroner.

Les: Fiskeslakteri slit med fortenesta

Tett følgd av pumpespesialisten Framo AS på Florvåg som enda på 3,675 milliardar etter å ha auka konserninntekta med heile 1,1 milliard kroner.

Auka kraftig gjorde og Coast Center Base på Ågotnes, som fekk ei konserninntekt på 1,235 milliardar kroner.

Les: Alltid nyfiken på nye inntektskjelder

Offentleg
Det viser noko av breidda i det lokale næringslivet at to aksjeselskap retta mot levering av offentlege tenester har fått plass på lista. FjellVar AS som leverer vatn, avløp og renovasjonstenester til fjellsokningane fekk i fjor ei driftsinntekt på 134,3 millionar kroner.

Nasjonalforeininga sitt alderspsykiatriske sjukehus, Olaviken, passerte ei driftsinntekt på 117,2 millionar kroner.

Rema 1000
Det har vore mykje rabalder i nasjonale media siste året om vilkåra for francheisetakarane i Rema-gruppen. Fire lokale Rema 1000-kjøpmenn har innarbeida seg ein plass på oversikten i region vest. Den mestseljande er ei kvinne. Gunn Berit Hanevik Mikkelsen er den einaste kvinnelege gründaren på oversikten. Ho har ei fast hand om Rema 1000 på Juvikflaten og fekk ei driftsinntekt på 130,3 millionar i fjor.

Ove Forstrønen har base på Straume, Rune Vindenes på Kleppestø og Thor Vidar Nilsen på Ågotnes.

Namn Kommune Omsetning 2018
(alle tal i 1000)
Magel AS (Sekkingstad) (k) s 3760,3
Framo AS (k) a 3675
Coast Center Base (K) f 1235
Aegopodium AS (k) f 503,3
Brødrene Ulveseth AS f 470,1
Sartor Maskin AS f 413
Sotra Fiskeindustri AS s 411,2
Telle Gruppen AS (k) f 335
Blom fiskeoppdrettt AS ø 324,8
Karsten Moholt AS (k) a 314,1
Liegruppen AS (k) f 303
Pcg Import Assist AS f 298,8
Enhanced Drilling AS f 238,5
Spz Bil AS a 234,1
Norscrap West AS a 213,6
Biomega Norway AS s 205,3
Acos AS f 200,2
Isbjørn IS AS (k) a 198
Tuboscope Norge AS f 195,6
Sartor Storsenter AS f 181,4
Telavåg Fiskeoppdrett AS s 179
Nobi Askøy AS a 168,6
Bmo Elektro AS a 165,1
Viknes Båt og service AS a 146,9
Damstahl AS a 145,4
Eide Boligutvikling AS f 140,2
Vågen Seafood AS f 136,4
Sartor Holding AS (k) f 134,7
FjellVar AS f 134,3
Gunn Berit Hanevik AS a 130,5
Psw Power & Automation AS f 130,4
Sotra Gruppen AS (k) f 122,9
Nks Olaviken Alderspsykiatriske sjukehus AS a 117,2
Ove Forstrønen AS f 112,6
Rune Vindenes AS a 110,5
Thor Vidar Nilsen As f 101
Bergen Tankers AS a 100,3
Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.