Ny bok set Fjell festning inn i krigshistorien

Fjell festning fascinerer framleis. Snart 75 år etter at 2. verdskrigen tok slutt vert stadig nye detaljar av historien avdekka.

Fjell Festning var eitt av dei sterkaste tyske forsvarsverka i Norge. Bygd kring eine kanonen frå slagkryssaren Gneisenau, skulle festningen verna innseglinga til Bergen og ubåtbunkeren på Laksevåg mot ein alliert landgang i Norge.

Artikkelsamling
Gjennom 13 artiklar formidlar historikarar knytte til Museum Vest og Fjell festning nye detaljar om anlegget. Her får lesarane svar på det meste av det dei måtte ha undra seg over: Korleis hadde det seg at trippelkanonen frå eit av den tyske marinen sine flaggskip enda på Fjell? Kva var bakgrunnen for at festningen vart bygd? Korleis vart bygginga gjennomført, og korleis var kvardagen til dei russiske krigsfangane på anlegget?

Her kjem og nokre av dei ukjende forteljingane. Dei nervepirrande maidagane i 1945 frå den tyske kapitulasjonen var eit faktum og til dei lokale okkupantane overgav seg er via ein eigen artikkel.

Men Fjell festning vart ikkje avvikla straks krigen vart slutt. Han var viktig også som radarstasjon under den kalde krigen. Også denne delen av historia får vi innblikk i.

Museum Vest
«Historier frå Fjell festning» vart ferdig i vår, og har vore i sal i festningsbutikken denne sommaren.

Ole-Jacob Abraham, Vigleik Røkke Mathisen og Sahra Torsvik har vore redaksjon. Ein del av artiklane har tidlegare vore publiserte i «Havstrilen», men mykje av stoffet er nyskrive.

Historikarane har gjort djupdykk i arkiva, mellom anna etter byggherren, Organisation Todt, i Riksarkivet.  Dei har og intervjua personar som kan bidra til å utdjupa forteljinga om bruken av festninga i tiåra etter krigen.

Les: Historikar sprengjer sprekker i tysk betonghistorie i Norge

I Forsvaret si biletsamling har dei funne nye og interessante illustrasjonar til boka.

På rekordtid
Slagkryssaren Gneisenau var eit av dei mest slagkraftige fartøya i den tyske marinen. I mai 1940 deltok skipet i kampane om Narvik. Seinare herja det allierte konvoiar i Atlanteren før britiske fly gjennom gjentekne bombeangrep sette det ut av spel i februar 1942.

Men tyskarane hadde system på dette med gjenbruk av tunge våpen. Bygging av Fjell festning starta sommaren 1942. Alt eitt år seinare kunne den enorme 28 centimeterkanonen prøveskytast. Totalt er det sprengt ut 2,5 kilometer tunnelar, fordelt på fem ulike anlegg i området.

Korleis kunne tyskarane byggja eit slikt omfattande festningsverk på så kort tid? Noko av årsaka skuldast Hitler sitt personlege engasjement, men også det faktum at tyskarane nytta standardiserte arbeidsteikningar for ulike typar bunkersar, luftvernstillingar og maskingeværpostar utarbeida alt under 1. verdskrigen.

Langt frå alt stod ferdig då tyskarane overgav seg. Etter dei allierte sin landgang i Frankrike sommaren 1944 vart ferdigstillinga av anlegget mindre viktig. Avgjerande var det og at tilførselen av byggjematerialar tok slutt.

I kontekst
Eit festningsanlegg som det på Fjell oppstår ikkje tilfeldig. Museum Vest har ønska å fortelja festningshistoria med utgangspunkt i ein større kontekst. I artiklane om Atlanterhavsvollen, Gneisenau og om russarfangane er dette ei tilnærming som fungerer godt og høynar utbytet av lesinga.

Sjølv med eit såpass snevert tema som Fjell festning, famnar artiklane uventa vidt. Truleg vil ikkje alle lesarane finna alle artiklane like interessant. Du skal til dømes vera meir enn alminneleg interessert i militære bygg for ikkje å bla forbi gjennomgangen av dei ulike standardiserte festningsanlegga på området.

Men, nett den gjennomgangen er viktig. Slik får Museum Vest formidla at fleire av bygga er sjeldne, også i europeisk samanhang, noko som forklarar at Riksantikvaren freda Fjell festning i 2004.

Men framleis er det spørsmål som ikkje er besvart: Det er dokumentert at 27 personar mista livet under arbeidet. Eit høgt tal sett med dagens auge. Sett i ein tysk kontekst under 2. verdskrigen med brutal behandling av krigsfangar og lite mat, er det likevel uventa lågt. Korleis kan det ha seg?

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.