Sund trekkjer arealdelen til kommuneplanen frå offentleg ettersyn

Arealdelen til kommuneplanen for Sund er ikkje i samsvar med det politikarane meinar dei vart samde om.
(Saka er oppdatert.)

Svein Otto Jacobsen
Trekkjer kommuneplanen for Sund. Leiar for planutvalet, Svein Otto Jacobsen, håpar framleis at planen kan verta endeleg godkjent før kommunesamanslåinga. Arkivbilete.

Ein teknisk feil gjer at høyringsframlegget til kommuneplan for Sund ikkje samsvarar med det politikarane meinar dei vart samde om då planen vart politisk behandla før ferien, seier leiar i planutvalet Svein Otto Jacobsen, til nettavisa Tunnelsyn.

Feilen vart oppdaga etter at høyringinnspela byrja å koma inn. Tilbakemeldingane førte til at administrasjonen reagerte, seier leiaren for planutvalet.

Feilen har mellom anna ført til at eindel område i plankartet har fått feil farge, samanlikna med korleis politikarane vil ha det.

Det er den sokalla sosi-fila i kartdatabasen som er årsaka til problema. Fila er ikkje i samsvar med den utlagte pdf-fila, ifølgje einingsleiar for areal Ole-Karsten Midtgård i Sund kommune.

Eit samrøystes planutval vedtok i dag å trekkja tilbake forslaget til ny arealdel av kommuneplanen frå offentleg ettersyn.

Den opphavelege freisten for å koma med merknadar til planen har vore 5. september. No vert datoen for å koma med merknad utsett.

-Det retta plandokumentet er forventa ferdigstilt medio september, og vert deretter lagt ut til offentleg ettersyn på nytt, ifølgje vedtaket i planutvalet.

-Vi håpar å kunna leggja planen ut på nytt om 4 – 5 veker. Då vil vi framleis kunna rekka å få han endeleg godkjent før Sund går inn i nye Øygarden, seier Jacobsen.

 

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.