Bjelland tapte i jordskifteretten

Frank Bjelland tapte nabostriden i jordskifteretten om grensemerkjene til eigedomen sin. Han slepp likevel med å betala ein tredel av motparten sitt krav til saksomkostningar.

Frank Bjelland. Arkivbilete.

Frank Bjelland har i fleire år kjempa ein fortvila kamp med tidvist høgt støynivå for å få endra to av grensemerkjene til eigedomen sin på Anglevik. Striden stod om 45 kvadratmeter.

Etter fleire rundar i ulike rettsalar, og med sterke skuldingar mellom anna mot tilsette i Fjell kommune, fekk Frank Bjelland i fjor aksept for at Nord- og Midthordland jordskifterett kunne behandla saka.

Les: Frikjent for korrupsjon, får kritikk for uprofesjonalitet

Ein strid om uklåre grenser
Jordskifteretten avsa dom i nabostriden like før ferien.

-Jordskifteretten oppfatta saka som eit krav om å kartleggja uklåre grenser som er omtvista avdi to av grensemerkjene mangla, skriv jordskiftedommar Liv Løken i dommen.

Sjølv om jordskifteretten påtok seg å behandla saka, var utfallet ikkje gitt. I dommen kjem Bjelland ut som tapande part, også i denne rettsinstansen.

Reduserte kravet
Som tapande part er Bjelland idømt å betala motparten sine saksomkostningar. Jordskifteretten meinte imidlertid at kravet på vel 200.000 kroner var sett altfor høgt, og reduserte kravet med to tredelar.

Saksomkostningane til jordskifteretten vert delt likt mellom Bjelland og dei to motpartane, med halvparten til Bjelland og ein fjerdedel til kvar av motpartane.

-Alle tre partane har nytte av å få klåre grenser ved å få sett ned fysiske grensemerkjer, skriv dommaren.

Same status som i 1991
– Vi vann som forventa, men er forundra over at dommaren meinte at vi hadde nytte av gjennomgangen der status i saka framleis står der han gjorde i 1991, skriv nabo og motpart Lasse Stenberg i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no.

Bjelland på si side hevdar at han ikkje fekk utlevert all den dokumentasjonen han bad om frå Fjell kommune i forkant av domstolen si behandling.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.