Jacobsen optimist trass kreftdiagnose

Svein Otto Jacobsen, nye Øygarden FrP sin ordførarkandidat i valkampen, kjempar ein kamp på to frontar om dagen.

-Den snillaste diagnosen eg kunne fått, og heldigvis har lækjarane ikkje funne spreiing, seier Svein Otto Jacobsen. Kona Kristin støttar både i behandlinga og i valkampen.

Nye Øygarden sin toppkandidat Svein Otto Jacobsen har vore ein propell i valkampen. Henta den eine statsråden etter den andre til Sotra for å visa veljarane kva kapasitetar partiet har å trekkja på på landsplan.

Inni seg han har lenge kjent på at noko er gale. I to år har han gått rundt og hosta og spytta blod, utan at lækjarane på Haukeland har funne noko forklaring. Ikkje før sist veke. Då fekk han omsider bekrefta at lækjarane har funne kreftceller i slimhinnene i luftrøyret, bekreftar Jacobsen ovanfor nettavisa Tunnelsyn.no.

Er open om sjukdomen
Rykter spreier seg fort, og nyhendet kjem til å verta kjend i valkampen, uansett, tenkjer FrP sin førstekandidat i nye Øygarden. Han ønskjer å vera open om sjukdomen, og har alt fortalt det til sine næraste samarbeidspartnarar i partiet og i Sund kommune.

At sjukdomen ikkje har blitt oppdaga tidlegare, trass alle undersøkingane han har vore gjennom, ergrar han. Men uansett skal kreftdiagnosen ikkje få lov til å påverka valkampen, så sant det er opp til han.

«Snill» diagnose
Det kunne nemleg ha vore langt verre, tenkjer han etter å ha samanlikna lækjarane sine funn med det han sjølv kan lesa seg til på internett.

– Dette er den snillaste diagnosen eg kunne fått, og heldigvis har lækjarane ikkje funne spreiing, seier Jacobsen.

– Det er berre så fortærande at dette skjer akkurat no, sukkar han.

I desse dagar går han rundt og ventar på å verta innkalla til strålebehandling på Haukeland. 20 behandlingar i første omgang. Jacobsen har førebudd seg på at kvar behandling er unnagjort i løpet av ein times tid, og så vert det tilbake i valkampmodus. Det er i alle fall intensjonen.

Kva som er årsaka til kreftsjukdomen ønskjer Jacobsen ikkje å spekulera så mykje på. Han har røykt, han har vore eksponert for asbest. Det kan vera forklaringa, men det kan og vera andre ting.

Sjå framover
-Dette er ikkje verdas undergang. No gjeld det å gjera det beste ut av det. Sjå framover, verta frisk og gjera ein best mogleg jobb i den nye kommunen, for det vert krevjande, seier FrP sin toppkandidat i nye Øygarden.

-Eg skal gjera den valkampen eg kan. Eg veit eg har veldig mange gode medarbeidarar i partiet, så det veit eg kjem til å gå bra, forsikrar Jacobsen.

Anita, Svein Bjørge og dei andre i partiet har fått varsel om at dei bør vera førebudde på å steppa inn.

Får støtte
Klart kona Kristin er bekymra. Ho har lenge skjønt at det var eit eller anna gale. Livet har vore litt underleg, særleg siste året.

-Svein Otto har heile tida måtta tenkja på at han skal ha krefter til morgondagen. Han vil vera tilgjengeleg for innbyggjarane, seier Kristin Børve Jacobsen.

Ho er spent på korleis han vil reagera på strålinga. At det kan vera veldig individuelt, veit ho.

Heldigvis deler dei to både heim og politisk interesse. Ho er leiar for nye Øygarden Frp, og femtekandidat på lista til kommunevalet.

-I desse dagar er det greitt å bruka tankane på valkamp. Når vi kan ha fokus på organisering, slepp vi tenkja på sjukdom heile tida, seier leiaren for nye Øygarden FrP.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.