Smoked at Sotra

Fiskeriminister Harald T. Nesvik tenkjer at Brexit kan føra til travlare arbeidsdagar hos Sotra Fiskeindustri AS og andre norske industriverksemder som foredlar laks og aure for eksport.

Frå produksjonen av oppskåren røykjelaks.

Røykjelaksen frå Sotra Fiskeindustri AS er like populær i utlandet som her heime. 400 – 500 tonn – eller halvparten av den årlege produksjonen, går til eksport, kunne dagleg leiar Kjell Inge Eide fortelja fiskeriminister Harald T. Nesvik då han i dag vitja anlegget i Porsvika.

Italia og Australia
Tollsatsane gjer det vanskeleg å få eksportert røykjelaks frå Norge til EU-landa. Italienarane er eit unnatak. Dei vil gjerne ha norsk laks og aure røykt på bøkeflis. 95 prosent av norsk røykjelaks som vert eksportert til Italia er røykt hos Sotra Fiskeindustri, kunne ein stolt dagleg leiar fortelja.

Italia er einaste EU-landet som krev at fisken skal vera videreforedla i produksjonslandet. Til gjengjeld vil dei helst selja han under eigne merkjevarenamn.

Og dei down under, i Australia, har fått smaken på laks røykt på Sotra. Kvar veke vert 1- 2 containarar fullasta med røykt fisk sendt av garde sørover.

Omdøme

Førebu dykk til å levera direkte til Storbritannia, utan å gå omvegen om Polen og Danmark, var rådet fiskeriminister Harald T. Nesvik gav dagleg leiar Kjell Inge Eide i Sotra Fiskeindustri AS.

Introduksjonen av slaktebåten Norwegian Gannet skapt bøljer og endra konkurransetilhøva for norske slakteverksemder. Sotra Fiskeindustri mista 7000 – 8000 tonn fisk for slakting, nær sagt over natta på kjøl i retning Danmark. No slit dei med å skaffa råstoff, seier Eide.

Det vil alltid koma nye måtar å gjera ting på. Norwegian Gannet er komen for å bli. Det uroar ikkje Nesvik.

Det gode omdømet til norsk fisk må vi derimot ta vare på. Av den grunn skal all produksjonsfisk returnerast til Norge, krev fiskeriministeren.

Les: Slaktebåten får dispensasjon

-Skap arbeidsplassar

Dagleg leiar Kjell Inge Eide og styreleiar Ellen Pedersen er oppteken av å ha ordna arbeidstilhøve. Sotra Fiskeindustri har hatt tariffavtale i 25 år.

Polen er i dag største mottakarlandet for norsk eksport. Lågare arbeidsløner der og i Danmark gjer det lønsamt å eksportera rund heil fisk dit for filetering og røyking.

– Vi må ta større del av foredlinga og verdiskapinga i Norge, seier Nesvik.
Lokale arbeidsplassar skapar velvilje for oppdrettsnæringa, slik at det går greitt mellom anna å få sett av areal til oppdrettsanlegg i kommuneplanane. Utan arbeidsplassar kan dette verta vanskeleg framover, tenkjer han.

Brexit
Brexit vil auka konkurransekrafta til norsk fiskeindustri og gjera det meir interessant for oppdrettarane å slakta og foredla fisken sin i Norge, legg Nesvik til.

Med Brexit kan desse landa få same tollsatsen som Norge har i dag, slik at den norske konkurransekrafta vil auka, utdjupar fiskeriministeren.

– Det eg vil seia no er nærast som å banna i kyrkja. Når Brexit kjem, bør de vera klare til å levera direkte til Storbritannia, utan å gå omvegen om Polen og Danmark, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.