Sotra har veldig mange utruleg spanande fiskeriverksemder, rosar fiskeriminister Harald T. Nesvik (FrP).

Skal ein liten stad få merksemd i departementa i Oslo, må du gjera ting rett. Det var langt frå tilfeldig at fiskeriministeren i dag valgte å koma til Sotra for andre gong på berre nokre månadar.
Les: -Golta er ein ideell plass
Den eine forklaringa er det lokale miljøet, seier fiskeriministeren.
Etter ein travel dag på Sotra sit fiskeriministeren att med inntrykk av eit imponerande lokalt gründermiljø med stor skaparkraft.
-Dei satsar på kvalitet, og på bærekraft, det å ta vare på heile fisken, oppsummerer Nesvik.
5,4 milliardar
Fisk utgjer ein viktig del av næringsgrunnlaget til strilane i nye Øygarden. Heile elleve lokale verksemder med fisk som råvare passerte 50 millionar i omsetnad i fjor. Til saman hadde dei ei driftsinntekt på 5,4 milliardar kroner, viser ei undersøking som nettavisa Tunnelsyn.no har gjennomført. (Sjå oversikt i botnen av saka).
Det personlege initiativet
Den andre forklaringa heiter Svein Otto Jacobsen.
-Han er ein svært aktiv person og utruleg dyktig. Når han ringjer, så kjem vi, rosar Harald T. Nesvik partikollegaen.
Få fram vekstpotensialet
-Fisk er ei enormt stor næring i Sund, og vil vera ein hjørnestein også i nye Øygarden. Det er ei næring med stort vekstpotensiale, og som vi gjerne vil jobba vidare med, seier Jacobsen.
Denne bodskapen har han stått på for å selja inn til departementet i Oslo.
Saman med statssekretær Britt Dalsbotten i Nærings- og fiskeridepartementet hadde Jacobsen sydd saman eit program som skulle vekkja nyfikne og visa fram breidda i den lokale næringsverksemda tilknytta fiskeri og oppdrett.
Sjokolade, laks og fiskekvotar
Ein dag som byrja med sjokolade hos Tekslo Seafood AS på Tofterøy, før ferda gjekk vidare til Sotra Fiskeindustri og smaksprøvar på røykjelaks. Deretter var det ein snartur innom Biomega Norway for ein presentasjon av bioraffineriet for produksjon av olje og proteinpulver frå avskjær og innmat frå laks, før han enda med å diskutera fiskekvotar på Liaskjæret.
Les: Smoked at Sotra
Nettavisa Tunnelsyn hadde fått invitasjon til å følgje med på ferda. Dei komande dagane vil vi publisera ei rekkje saker om fiskeriverksemdene fiskeriministeren lot seg fascinera av.
Dette er dei største fiskeriverksemdene i nye Øygarden:
Les: Fisk, offshore og byggjeverksemd
Dette betyr fisken for nye Øygarden | Driftsinntekt 2018 | Driftsresultat 2018 | Resultat før skatt 2018 |
Magel AS (Sekkingstad) | 3760,3 | 34,8 | 50,9 |
Sotra Fiskeindustri AS | 411,2 | 3,2 | 3,3 |
Blom Fiskeoppdrett AS | 324,8 | 8,6 | 7,1 |
Biomega Norway AS | 205,3 | -5,1 | -8 |
Telavåg Fiskeoppdrett AS | 179 | 50,2 | 50,3 |
Libas AS | 158,4 | 45,5 | 26,8 |
Vågen Seafood AS | 136,4 | 5,8 | 5,8 |
Liafjord AS | 76,7 | 18,8 | 17,3 |
Sund Laksepakkeri AS | 76,2 | -0,816 | -0,678 |
Endre Dyrøy AS | 64,5 | 10 | 5,6 |
Krossfjord AS | 61,5 | 8,4 | 5,1 |
5454,3 | 179,384 | 163,522 |
2 Comments