Venstretopp vitja lokalmatprodusent

Konkurransen frå daglegvarekjedane sine eigne merkjevarer utgjer ei stadig sterkare utfordring for små lokalmatprodusentar som Marthas Delikatesser AS.

Salatane frå Marthas Delikatesser er kjende og populære hos lokale Venstre-poltikarar. Framme fh. Børge Haugetun, Gunnhild Berge Stang og Brith Ediassen. Bak: Bjørn Johnsen og Ole Martin Høyland.

Vilkåra til SMB-verksemder er ei av Venstre sine kampsaker. Venstre sin fylkesordførarkandidat i Vestland, Gunnhild Berge Stang, vitja i går Marthas Delikatesser AS på Ekerhovd for å få vita meir om deira utfordringar.

Etter meir enn 20 år har Marthas Delikatesser AS erobra ein solid marknadsandel for rekesalatane sine, særleg, i daglegvarebutikkar og storkjøken i Hordaland og Sogn og Fjordane. Men råvaresituasjonen vert stadig meir krevjane. Rekeprisane er meir enn dobla siste åra, og publikum forventar framleis å finna 40 prosent reker i rekesalaten.

-Det er kvaliteten som differensierer merkjevara Marthas frå konkurrentane, smiler eigar og mangeårig dagleg leiar Ole Martin Høyland.

Les: Marthas vinnaroppskrift

Aukande konkurranse
Kvalitet skal kosta meir, og mange betaler gladeleg for den gode Marthas-smaken. Det er likevel ei grense for kor mykje publikum ønskjer å betala. I staden for å ekspandera, har omsetnaden til Marthas lege stabilt kring 20 millionar i fleire år.

Verdikjede. Eindel av råvarene, som gulrøter, kjem inn som halvfabrikata frå andre lokalmatprodusentar, forklarar Ole Martin Høyland (th). Børge Haugetun, Gunnhild Berge Stang og Bjørn Johnsen lyttar.

Auka konkurranse er ein del av forklaringa. For å kunna tilby kundane rimelegare produkt, introduserer dei tre daglegvarekjedane eigne merkjevarer i eit stadig raskare tempo. Noko som igjen svekkar posisjonen til produsentane av kortreist mat, medgjev Høyland.

Velkjend problemstilling
-Dette er ei utvikling som ikkje skjer spesielt her i Norge. Vi ser det same overalt i Europa, legg Høyland til.

Problemstillinga er velkjent for Venstrepolitikaren frå andre lokalmatprodusentar i Vestlandsfylket.

– Det er ønska politikk å skapa lokale matprodusentar, men når det gjeld kva vilkår daglegvarekjedane tilbyr leverandørane sine, er det utanfor det politikarane skal bry seg med, seier Berge Stang.

Produktutvikling
-Produktutvikling og større distribusjon er nøkkelen til auka inntening, seier Bjørn Johnsen som tok over for Ole Martin Høyland som dagleg leiar i Marthas 1. august.

-Marthas driv kontinuerleg produktutvikling. Innan seks månadar skal vi ha eit nytt produkt klart til lansering, lovar Johnsen.

Nett kva produkt det er snakk om, er dei to svært så hemmelegheitsfulle om. Antydar berre at det dreier som om sjømat – sjølvsagt. At majones også vil vera ein viktig ingrediens, er det vel lita tvil om.

Kapasitet
Ein million begre med salat, tilsvarande 200 tonn, forlet kvart år produksjonsanlegget på Ekerhovd. Ledig produksjonskapasitet tilseier at det skal vera mogeleg å auka produksjonen vesentleg, utan å måtta investera i nytt utstyr, ifølgje Høyland.

Advertisements

1 Comment

  1. Tilbakeping: Venstre – Tunnelsyn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.