Fekk oppmålingsgebyr redusert med 75 prosent

Det kan vera mykje å spara på å klaga på kommunen sitt påståtte «sjølvkost»-gebyr, har to grunneigarar på Hammersland fått erfara.
Trudde du at «sjølvkost» betyr at du skal betala det dei kommunale tenestene du kjøper faktisk kostar? To grunneigarar på Hammersland fekk ei tid tilbake ei skikkeleg overrasking over oppmålingsgebyret frå Sund kommune.

Oppmålingsforretninga i april i fjor var ei relativ einkel sak. Tomta var grovplanert, og alle grensemerkjene var klare. 14 tomtar med ulik storleik skulle målast opp og skiljast ut. I tillegg skulle det gjerast ei grensejustering for å setja av areal til ein veg, ifølgje ei klagesak som vart handsama i Planutvalet i Sund i siste møtet.

Urimeleg
Etter oppmålingsforretninga fekk grunneigarane eit gebyrkrav på 441 676 kroner, medrekna tinglysing.

-Gebyrkravet var ikkje i samsvar med sjølvkostprinsippet, hevda grunneigarane.
Sjølv meinte dei at kommunen sine faktiske kostnadar i dette tilfellet berre utgjorde 45.088 kroner.

Sjølvkostprinsippet tilseier at gebyret ikkje må framstå som urimeleg i forhald til den tenesta som er utført, hevda grunneigarane.

Timebruk
Som argument for at det utrekna gebyret var urimeleg, viste grunneigarane til faktisk timebruk hos kommunen.

Dei to utbyggjarane, som tilfeldigvis jobbar i bransjen, hadde på førehand kravd at den kommunale sakshandsamaren skulle logga dei timane som gjekk med til deira sak, kom det fram i Planutvalet.

Loggen viste at sakshandsamaren hadde nytta 32,5 timar på oppmålingsforretninga.

Standardisert
Gebyrregulativet til Sund kommune skal vera basert på sjølvkost. Regulativet standardiserer gebyret for ei oppmålingsforretning til ein fast sum. Summer varierer, avhengig av storleiken på tomten.

Tidsbruken er ikkje ein faktor som inngår i reknestykket.

-Kommunen skal følgje forskrifta, og står ikkje fritt i val av metode for å rekna gebyr. Det inneber at kommunen ikkje har heimel til å velje å leggje til grunn timesatsane, svarar rådmann Rune Lid.

Gjekk med underskot
Kommunen reknar i staden «sjølvkost» som noko som skal dekka alle kostnadane med å tilby ei teneste. Dei utmålte gebyra skal utgjera eit snitt over antekne kostnadar til å utføra ei oppgåve. Om kommunen tenar på ei oppmålingsforretning i Skogsvåg, men tapar på ei på Vardøy, skal avdelinga gå i null i løpet av eit rekneskapsår, er tanken.

Rekna ut for fjoråret gjekk den kommunale oppmålingsavdelinga med eit driftsunderskot på 223.000 kroner. Det vil seia at avdelinga hadde 89 prosent kostnadsdekning, ifølgje sakspapira.

-Gebyrregulativet i Sund er om lag i samsvar med Fjell og Askøy, hevda Ole-Karsten Midtgård som er einingsleiar for teknisk avdeling i Sund.

Les: Byggjesaksgebyr vart redusert med 92 prosent

Reduksjon
Ut frå ei vurdering av kva som kan framstå som urimeleg i dette tilfellet, gjekk rådmann Rune Lid i første omgang med på å redusera gebyret med 20 prosent. I sakspapira til møtet, vart det tilrådd å redusera gebyret med 50 prosent.

Oppmålingsforretninga i dette tilfellet var heller spesiell, fordi tomtane var så lett tilgjengeleg, vedgjekk Midtgård. Oppmålarane slapp bruka mange timar i marka med å leita etter grensemerkjer, slik det ofte er tilfelle i slike saker.

Nestleiar Per Eikeseth (H) fekk Planutvalet med seg på at oppmålingsgebyret måtte reduserast med 75 prosent.

Spesielt tilfelle
Svein Otto Jacobsen, leiar for Planutvalet, hadde etter eige utsegn utøvd eit heftigt telefondiplomati med grunneigarane i saka. Grunneigarane hadde uttrykt forståing for at kan hende ikkje alle kommunen sine kostnadar, til dømes i samband med telefonsamtalar, var rekna med. Dei hadde difor forståing for at rekninga for den kommunale tenesta kunne vera noko høgare enn det dei i utgangspunktet hadde krav refundert, sa han.

Som eit kompromiss føreslo nestleiar Per Eikeseth (H) at dei burde ta redusera gebyret med 75 prosent, til 110.419 kroner. Ei forslag han fekk samrøystes oppslutnad om.

Denne spesielle saka får ikkje påverka arbeidet med å fastsetja gebyrsatsen i den nye kommunen, seier Midtgård.

Les: Gjestekommentar: Sosialistisk næringslivssatsning?

Advertisements

4 Comments

  1. Gebyrregulering for sjølvkost i kommunane innan ulike sektorar er fastlagt i forskrift gjeve med heimel i lov. I tillegg har Kommunaldepartementet gjeve eit rundskriv som seier korleis kommunane skal praktisera, tolke og forstå korleis dei ulike gebyra blir fastlagt lokalt. Rundskrivet er utforma som ein vegleiar til kommunane, men ulike kommuner gjer blaffen i korleis ein fastset gebyrnivået. Mellom anna skal det utarbeidast ein førehandskalkyle kvart år i budsjettsamanheng FØR budsjettet blir vedteke, men dette blir ikkje etterlevd. T.d. i Fjell kommune er det ikkje utført førehandskalkyle for vatn, trass i at dette er eit krav til dokumentsjon i kostnadsdekninga. Metoden som vert nytta i budsjettsmanheng er i beste høve vilkårleg – utan saksbehandling på fagleg grunnlag i form av ei førehandskalkyle. Dette har ført til at kundane/brukarane i fleire år har betalt overpris for vatn, noko som førte til at dagleg leiar i FjellVAR blei «hylla» som ein velgjerar då han måtte betale tilbake gebyr for vatn. Eigentleg burde nokon oppegåande politikarar ha reist spørsmålet kvifor kundane/brukarane måtte betala overpris i fleire år ? SVAR: Manglande førehandskalkyle.
    Sund kommune driv tydelegvis etter same prinsippet som Fjell kommune: Fakturering av gebyrtenester til overpris, sjølv om dei får tenesteoppgåva servert på eit sølvfat.
    Korleis den NYE kommunen no innrettar og samordnar gebyra, vert utruleg spennande. Til no er ingenting utført innan gebyr. Prosjektrådmannen har rett nok oppretta ei politisk arbeidsgruppe for gebyr i byggesak. Denne arbeidsgruppa blei oppretta i april 2018, og skulle utforma ein rapport til prosjektrådmannen med frist til september 2018. Den politiske arbeidsgruppa har ikkje hatt møte, og har soleis ikkje konstituert seg. Nokre har tydelegvis god tid før Fellesnemda blir oppløyst.
    Innbyggjarane må vera på vakt, næringslivet like eins. Mitt råd er: Ikkje utan vidare betal overpris for ei teneste til såkalla sjølvkost !

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.