Gjestekommentar: Kostnadane må dokumenterast

Korleis den nye kommunen no innrettar og samordnar gebyra, vert utruleg spennande. Den politiske arbeidsgruppa for gebyr i byggjesak som vart oppretta i april 2018 har enno ikkje hatt møte. Nokre har tydelegvis god tid før Fellesnemda blir oppløyst, skriv Bjarte Sangolt. Arkivbilete.

Oppegåande politikarar burde ha spurt kvifor kundane/brukarane i Fjell måtte betala overpris for vatn i fleire år.
Av Bjarte Sangolt

Gebyrregulering for sjølvkost i kommunane innan ulike sektorar er fastlagt i forskrift gjeve med heimel i lov. I tillegg har Kommunaldepartementet gjeve eit rundskriv som seier korleis kommunane skal praktisera, tolke og forstå korleis dei ulike gebyra blir fastlagt lokalt. Rundskrivet er utforma som ein vegleiar til kommunane, men ulike kommuner gjer blaffen i korleis ein fastset gebyrnivået.

Mellom anna skal det utarbeidast ein førehandskalkyle kvart år i budsjettsamanheng, før budsjettet blir vedteke, men dette blir ikkje etterlevd. I Fjell kommune er det til dømes ikkje utført førehandskalkyle for vatn, trass i at det er eit krav til dokumentasjon av kostnadsdekninga.

Metoden som vert nytta i budsjettsamanheng er i beste høve vilkårleg – utan saksbehandling på fagleg grunnlag i form av ei førehandskalkyle. Dette har ført til at kundane/brukarane i fleire år har betalt overpris for vatn, noko som førte til at dagleg leiar i FjellVAR blei «hylla» som ein velgjerar då han måtte betale tilbake gebyr for vatn.

Eigentleg burde nokon oppegåande politikarar ha reist spørsmålet kvifor kundane/brukarane måtte betala overpris i fleire år ?

Svar: Manglande førehandskalkyle.

Sund kommune driv tydelegvis etter same prinsippet som Fjell: Fakturering av gebyrtenester til overpris, sjølv om dei får tenesteoppgåva servert på eit sølvfat.

Les: Fekk oppmålingsgebyr redusert med 75 prosent

Korleis den nye kommunen no innrettar og samordnar gebyra, vert utruleg spennande. Til no er ingenting utført innan gebyr. Prosjektrådmannen har rett nok oppretta ei politisk arbeidsgruppe for gebyr i byggesak. Denne arbeidsgruppa blei oppretta i april 2018, og skulle utforma ein rapport til prosjektrådmannen med frist til september 2018.

Den politiske arbeidsgruppa har ikkje hatt møte, og har soleis ikkje konstituert seg. Nokre har tydelegvis god tid før Fellesnemda blir oppløyst.

Innbyggjarane må vera på vakt, næringslivet like eins. Mitt råd er: Ikkje utan vidare betal overpris for ei teneste til såkalla sjølvkost!

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.