Har erobra hyllene hos Rema 1000

Tang og tare skal verta det nye taco-krydderet, er det opp til gründarane i Tekslo Seafood AS.

Sunne og naturlege smaksforsterkarar laga av tang og tare, freistar Carl Magnus Fossum i Tekslo Seafood AS.

Tang og tare er ein naturleg smakshevar, eigna for sjokolade så vel som i fredags-tacoen, smiler dagleg leiar Runar Trellevik og Carl Magnus Fossum i Tekslo Seafood AS. Er dei opp til dei, kan heile krydderhylla erstattast av produkt laga av algar henta opp frå havet.

Hos Rema 1000
Krydderglasa til Tekslo Seafood AS er i desse dagar i ferd med å innta butikkhyllene hos Rema 1000 og ein del av dei andre daglegvarekjedane i Hordaland, var gladmeldinga dei to kunne fortelja fiskeriminister Harald T. Nesvik då han kom på besøk i går.

Les: Langt frå tilfeldig at fiskeriministeren kjem til Sotra

I løpet av hausten planlegg dei full utrulling hos dei nasjonale daglegvarekjedane.

Mediemerksemd
Tekslo Seafood har alt fått mykje positiv merksemd i media og i offiselle samanhangar.

Les: Fylkesordføraren sitt nyttårsmøte: -Vi skal visa dei!

Gründarane er likevel spente på korleis Sotrastrilane og forbrukarane i Hordaland og i resten av landet vil forhalda seg når dei møter produkta i butikken. Korleis treffa dei som ikkje har sjømat på den daglege menyen?

-Vi må få fram at dette er sunne og naturlege produkt, heilt utan tilsetjingar av noko slag, seier Carl Magnus Fossum.

Av taktiske omsyn har dei valt å plassera produkta i krydderhylla i staden for mellom helsekostprodukta. Prisen skal ikkje utgjera noko barriere for kjøp, tenkjer gründarane. Råmaterialet er rimeleg og produksjonsprosessen er relativt einkel.

Tanga hentar gründerverksemda sjølv opp frå sjøen utanfor Tofterøy, tørkar ho i Trelleviknaustet og maler og pakkar i gamleskulen på Tofterøy.

Framsnakka
-Tang og tare er noko som kjem. Fleire jobbar med slike produkt, men vi har ein jobb å gjera med å framsnakka produkta, seier Nesheim.

Fiskeriministeren ser gründersatsinga som ein del av ei global satsing på auka verdiskaping frå havet. Alt som har ein verdi må haustast. Tang og tare veks raskt. Under veksten tek algane opp i seg store mengder CO2. Tang og tare er både sunnare og meir berekraftig enn mange andre matvarer.

Å få dokumentert næringsinnhald, næringsopptak og reinheit er ei oppgåve gründarane jobbar med.

Heimemarknaden
-Fokuser på CO2-opptaket, få fram at dette er ein måte å ta vare på havet. Ungdomen er veldig opptekne av klima og bærekraft, rådar Nesheim.

Japan og Kina står alt på gründarane sin dagsorden, av di desse landa ha større tradisjonar for bruk av tang og tare i matlaginga.

– Å opparbeida ein sterk posisjon på heimemarknaden er smart, før ei eventuell satsing internasjonalt, var eit av fiskeriministeren sine råd til gründarne.

Vekstpotensiale
I dag lagar Tekslo Seafood produkta sine av viltveksande algar. Tek satsinga av, må dei snart til å dyrka råvarene. I så fall vil det vera avgjerande for veksten kva areal som er sett av i kommuneplanen til slikt føremål.

Les: Sund kommune trekkjer alealdelen til kommuneplanen frå offentleg ettersyn

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.