Klimaministeren på Kollsnes: – Kostnaden på CO2-fangst må ned

Etter 23 års drift av prosessanlegget på Kollsnes kunne noverande anleggsdirektør Sturle Bergaas endeleg helsa den første klima- og miljøministeren velkomen.

Klima- og miljminister Ola Elvestuen (V) i kontrollrommet på Kollsnes. Saman med søsteranlegget for olje på Sture genererer anlegget dagleg verdiar for 550 millionar kroner.

FN legg opp til at verda skal vera klimanøytral innan 2050. Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) ser ingen direkte motsetnadar mellom klimamåla og norsk olje- og gassproduksjon.

– Norsk gass har ei viktig rolle i å nå FN-målet om klimanøytralitet i 2050, var klima og miljøminister Ola Elvestuen(V) sin hovudbodskap då han møtte politikarar, media og leiinga ved prosessanlegget på Kollsnes i Øygarden i dag.

Komplekse samanhangar
Samanhangane er komplekse, særleg når det kjem til gass. Ved å eksportera norsk gass med lågt innhald av klimagassar til Storbritannia og Polen, bidreg vi til å redusera klimagassutsleppa frå kol, som har ein langt høgare konsentrasjon, i desse landa, seier klima- og miljøministeren.

– Eg tenkjer vi snakkar same språk når det gjeld gass, kvitterte anleggsdirektør Sturle Bergaas på Sture- Kollsnesanlegget.

23 år etter at prosessanlegget for gass på Kollsnes vart teke i bruk, kunne den noverande anleggsdirektøren endeleg helsa velkomen til første klima- og miljøministeren som har funne det interessant å få førstehands kjennskap til dei to pengemaskinene i Øygarden der 550 tilsette dageleg genererer verdiar for 550 millionar kroner.

Karbonfangst og lagring

Anleggsdirektør Sturle Bergsaas (nr. 2 fv.) viser plasseringa av dei ulike funksjonane på anlegget til fv. ordførar Børge Haugetun, klima- og energiminister Ola Elvestuen og Ottar Vik.

I neste omgang kan utfasing av olje- og gass verta aktuelt. Då kan produksjon av hydrogen frå gass vera ei løysing. Hydrogenproduksjonen vil krevja ei permanent lagring av store mengder CO2, tilsvarande det CSS-anlegget Equinor, Total og Shell planlegg i Øygarden. Eit anlegg mange ser som ei ideell løysing på utfordringa Norge står ovanfor.

Les: CO2-mottaksanlegg til CCB Kollsnes

-CSS vil spela ei viktig rolle i å nå klimamåla, men prisen må ned. Tiltaket må verta lønsamt, seier klima- og miljøministeren.

Teknologiutvikling
Omfattande teknologiutvikling må til, skal dei lukkast. Dessutan vil det vera naudsynt å få mange ulike partar til å samarbeida. Full oversikt over akkurat kva som må til, har ein enno ikkje, ifølgje Elvestuen.

Ei koordinering av tiltaka for CO2-fangst rundt Nordsjøbassenget, kan vera spanande, tenkjer Elvestuen. Særleg har han merka seg diskusjonen om CO2-fangst frå eit gasskraftverk i Nederland.

Les: Håpar på EU-pengar til CO2-reinsing

– Dette er ein kode vi er nøydd til å løysa. Det skjer mykje no, når det gjeld kunnskaps- og teknologiutvikling. Det må vera veldig spanande å vera heilt i front. Om vi ventar til CSS er lønsamt, vert det for seint, la klima- og miljøministeren til.

-Alle har interesse av at vi får til dette. Det er dei same folka som jobbar med teknologiutvikling både til vindkraft og til olje- og gassnæringa, seier Elvestuen til nettavisa Tunnelsyn.

-Legg industrien til Øygarden

Ola Elvestuen (V) er første klima- og miljøminister som vitjar Kollsnesanlegget. Her saman med ordførar Børge Haugetun.

I Øygarden har dei lange tradisjonar for å driva lobbyverksemd for å få olje- og gass-arbeidsplassar til kommunen. No har dei merka seg utfordringane med å oppgardera dagens sement- og søppelforbrenningsanlegg til å få til ein effektiv fangst av CO2. I staden tilbaud dei i dag klima- og miljøministeren ei anna løysing:

Tomten som er sett av til det planlagte mottaksanlegget for CO2 i Kollsnes Næringspark er stor nok til at han kan nyttast til andre industrielle føremål. Kvifor ikkje byggja eit nytt sement-anlegg her? Sementproduksjonen står for seks prosent av dei norske utsleppa, føreslo ordførar Børge Haugetun (V) og Ottar Vik.

– Regjeringa bør setja av 200 – 300 millionar i komande Statsbudsjett til førebuande tiltak, så skal vi ha tomten klar til den dagen Regjeringa er klar til å gje klarsignal for eit fullskala CSS-anlegg, lova dei to.

-Regjeringa behøver ikkje løyva alle dei 12 milliardane på ein gong, argumenterte Børge Haugetun.

Held trykket oppe
Venstre i Regjering sørgjer for å halda trykket på CSS oppe med ei løyving på 850 millionar kroner i år, ifølgje Elvestuen.

– Det vert ein høg pris å betala per kilo utsleppskutt. Prisen må ned, gjentok klima- og miljøministeren.

Nestleiaren i Venstre avviser at partiet skal ha sett nokon sluttdato for produksjon av norsk olje og gass:

– Vi vil ha eit ord med i laget om kvar Norge skal produsera olje og gass, til dømes når det gjeld Lofoten, Vesterålen og Senja, og kor langt nordover mot iskanten oljeproduksjonen skal få lov til å gå, seier Elvestuen.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.