Omdannar fiskeavskjær til protein – fann investor i USA

Satsar på avskjær frå den lokale fiskeindustrien; fv. Anette Kausland, gründer Kjartan Sandnes, konstituert dagleg leiar Thomas Samdal og fiskeriminister Harald T. Nesvik.

Proteinpulver laga frå lakseavskjær kan verta ein verdifull ingrediens i ernæringsdrikkar og medisinar til humant konsum, og er neste satsningsområde til Biomega Norway AS.

Ved filetering av laks og aure går kring 30 prosent av fisken vekk som avskjær og innmat. Biomega Norway AS på Skaganeset har gjort raffinering og omdanning av ferskt restavfall frå den lokale fiskeindustrien til big business. I fjor omsette dei næringsrike sluttprodukt for 205 millionar kroner.

Verksemda var ei av dei innovative gründerveksemdene på Sotra som fekk besøk av fiskeriminister Harald T. Nesvik sist veke.

Les: Langt frå tilfeldig at fiskeriministeren kom til Sotra

Eigenutvikla teknologi
Laks og aure er oljerike fiskeslag. Ved bioraffineriet på Skaganeset har dei utvikla ein reaktor for spalting av det næringsrike råstoffet ved hjelp av enzymar. I neste trinn i prosessen vert dei ulike fraksjonane separert i olje, proteinpulver og fiskebein, kunne gründar Kjartan Sandnes fortelja.

40.000 tonn lakseavskjær og innmat skal i år omdannast til verdifulle næringsstoff, ifølgje konstituert dagleg leiar Thomas Samdal.

Næringsrikt
Til no har mesteparten av produksjonen blitt nytta som ingrediens i dyrefôr. Ved å innføra strenge prosedyrar og krav til ferskhet og hygiene, kombinert med sporing av avskjæret tilbake til leverandør, har Biomega blitt godkjent av Mattilsynet også som leverandør til matindustri.

Å få foten innanfor som storskala leverandør til ernæringsindustrien er neste mål, seier Samdal.

-Proteinpulveret inneheld over 90 prosent protein, og kan inngå i dietten til menneskjer, til dømes hos eldre, i samband med rehabilitering eller som ingrediens i sportsdrikk, underbyggjer Sandnes.

Fjerna fiskesmaken
Å utvikla ein prosess som kan fjerna fiskesmaken frå proteinpulveret har høg prioritet akkurat no, for å styrka Biomega sin posisjon som leverandør til matindustrien.

– Legemiddelindustrien bør og vera ein aktuell partnar, supplerer fiskeriminister Harald T. Nesvik.

Det byrjar verta kamp om avskjæret frå fiskeindustrien. Stadig fleire gründarar får augo opp for at avskjær og innmat inneheld verdifulle næringsstoff som bør takast vare på og nyttast.

Les: Sel delikatesser av det nordmenn ikkje vil ha

Mesopelagiske fiskeslag
Ved Biomega har dei ledig kapasitet i anlegget. No har dei byrja utforske bruk av den eigenutvikla, patenterte teknologien i andre samanhangar. Eit fullskala forsøk med avskjær frå kvitfisk er alt gjennomført. Ei utfordring her er at kvitfisk ikkje inneheld olje, ifølgje Sandnes.

Då er forventningane langt større til samarbeidet med Liegruppen AS om forsøksfisket på mesopelagiske fiskeslag. Eit fullskala pilotforsøk på 2.000 tonn gav meirsmak, ifølgje Sandnes.

Fisk som lever på djup under 200 meter er førebels lite utforska.

Les: Liegruppen skal driva forskingsfiske på store havdjup

Amerikansk eigar
Utviklinga av den patenterte bioreaktoren har kosta. Biomega slit med årlege underskot. For å finansiera vidare utvikling har dei fått med seg oppkjøpsfondet Amerra Capital Management. Det amerikanske oppkjøpsfondet har spesialisert seg på verksemder innan landbruk, og eig no 92 prosent av aksjane.

Amerikanarane ser at potensialet for innovasjon på restprodukt frå matindustrien er stort. På verdsbasis er det store mengder råstoff som går tapt. Om menneskja klarar å utnytta alt, vil verda kunna fø to milliardar fleire menneskjer i 2050, hevdar Samdal.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.