Folkeveksten i stabilt sideleie

Også i andre kvartal var det heimeproduksjonen som sytte for folkeveksten i nye Øygarden.

Arkivbilete.

Så langt i år har det blitt 81 fleire innbyggjarar i nye Øygarden. 43 av dei kom til i andre kvartal, kjem det fram av SSB sin dagsferske folketalsstatistikk.

Samla fødeseloverskot for alle dei tre kommunane utgjorde i vårmånadane 52 nyfødde.

Det hjelper tilsynelatande svært lite å ha eit stort tilbod av ledige bustadar. Netto tilflytting er framleis negativ. Ni fleire personar valde å forlata øykommunane vest for Bergen, samanlikna med kor mange som flytta hit.

I Fjell auka folkeveksten svakt i vårmånadane samanlikna med i første kvartal. 33 nyfødde og ein tilflyttar sikra ein samla folkevekst på 34 personar i andre kvartal.

I Sund utgjorde fødselsoverskotet 17 personar. Saman med ei netto tilflytting på 9 personar sikra dette ein folkevekst på 26 personar i andre kvartal.

I Øygarden vart det fødd to fleire enn som døydde. Fråflyttinga auka sterkt i andre kvartal samanlikna med dei tre første månadane i år. Til saman sank folketalet med 17 personar i vårmånadane.

Ved utgangen av juni budde det i Fjell, Sund og Øygarden til saman 38.198 personar.

01.04.2019 Fødselsoverskot Netto tilflytting Folkevekst 30.06.2019
Sund 7.070 17 9 26 7.096
Fjell 26.188 33 1 34 26.222
Øygarden 4.897 2 -19 -17 4.880
Totalt 38.155 52 -9 43 38.198
Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.