Helsefagarbeidarane flyktar frå Askøy

Uvanleg mange pleiemedarbeidarar, sjukepleiarar og lærarar har sagt opp stillingane sine i Askøy kommune siste månadane.

Færre varme hender. Nær dobbelt så mange pleiemedhjelparar i Askøy sa opp stillinga si i første halvår i år samanlikna med i fjor.  (Foto: Atea).

Etter spørsmål frå Jannicke Bergesen Clarke (A) har rådmann Eystein Venneslan i Askøy utarbeida ein oversikt over tilsette som har sagt opp stillingane sine i kommunen siste tre åra.

Oversikten, som samanliknar første halvår i år med tilsvarande periode i fjor og i 2017, viser ei eintydig negativ utvikling. I første halvår i år var det 73 tilsette som valgte å seia farvel til Askøy kommune som arbeidsgjevar. Det var 19 fleire enn i same perioden i fjor, og heile 34 fleire enn i 2017.

Talet omfattar ikkje personar som har gått av med pensjon, på grunn av sjukdom eller som har fått annan stilling internt i kommunen.

Pleie
Det vert færre varme hender innan helse og omsorg i Askøy kommune, viser oversikten. Pleiemedarbeidarane står for storparten av auken. Heile 22 tilsette med nærkontakt med eldre og sjuke sa opp og forlot kommunen dei første seks månadane i år. Det er 12 fleire enn i fjor, og 14 fleire enn i same perioden for to år sidan.

-Det er først og framst personar i små deltidsstillingar som seier opp. Når slike stillingar vert ledig, prøver linjeorganisasjonen å tilby høgare stillingsprosent til andre tilsette i deltidsstillingar, skriv Venneslan i svaret til Arbeidarparti-politikaren.

Urovekkjande
Same tendensen, om enn i noko mindre omfang, noterer rådmannen også er tilfelle for sjukepleiarar. 10 sjukepleiarar valde å seia opp stillinga si dei seks første månadane i år, mot tre i fjor og to året før.

Rådmannen finn utviklinga når det gjeld sjukepleiarar urovekkjande, og oppfordrar om at den vidare utviklinga vert overvaka.

Ein tredje yrkeskategori som peikar seg ut med mange oppseiingar er lærarar og pedagogar. Her var det åtte som valde å forlata kommunen i første halvår. Sjølv om talet kan høyrast høgt ut, er det likevel fire færre enn i same tid i fjor.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.