Her var folkeveksten sterkare enn i Bergen

Askøy er den kommunen i Hordaland som kan visa til sterkaste folkeveksten i andre kvartal.

Her vil folk bu. Heile 87 fleire sende flyttelasset sitt i retning Askøy i vårmånadane enn som flytta vekk, ifølgje SSB.

Medan folkeveksten i nabokommunen nye Øygarden stoppar opp, er Askøy den kommunen i Hordaland som kan visa til største auken i folketalet i første kvartal, kjem det fram av SSB sin dagsferske statistikk over folkeveksten i norske kommunar.

I april, mai og juni auka folketalet i Askøy med 153 personar. Det er 33 fleire enn i Bergen. For heile første halvår sett under eitt auka folketalet i kommunen med 269 personar, tilsvarande 0,9 prosent.

Det bur no 29.535 innbyggjarar i kommunen.

Les: Folkeveksten i stabilt sideleie

Folketalsutviklinga i Askøy er dominert av netto tilflytting, ifølgje SSB. Heile 87 fleire flytta til kommunen enn som flytta frå i vårmånadane.

Kombinert med 66 fleire nyfødde enn døde, var dette nok til å sikra den kriseramma Askøy-kommunen sterkaste folkeveksten i fylket.

Den veldige folkeveksten ser ut til å ha stoppa opp i heile landet. Til saman auka folketalet i Norge med 9.105 personar i andre kvartal i år. 593 av dei er heimehøyrande i Hordaland.

Bak Askøy og Bergen, var det Voss og Stord, med henhaldsvis 71 og 68 nye innbyggjarar, som toppa oversikten over vekst i folketalet i vårmånadane.

13 av Hordlandskommunane opplevde ein nedgang i innbyggjartalet i same perioden.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.