Nesten berre gråhåra fjellsokningar

Ungdomane glimra med sitt fråvær då toppolitikarar frå ti politiske parti møttes på ein nyoppussa Bjorøy skule til første ordduellen i valkampen i nye Øygarden.

Politikarpanelet: Fv. Jan Utkilen (SL), Eva Årskog (SV), Per Åsheim (FMP), Marianne Sandahl Bjorøy (A), Maria Thomassen (MDG); Terje Strandtun (Sp), Torill Selsvoll Nyborg (KrF), Børge Haugetun (V), Tom Georg Indrevik (H) og Svein Otto jacobsen (FrP).

Panelet bar preg av at Bjorøy er halvvegs til Bergen. Trass i at vi no skal velja eit kommunestyre med representantar frå Fjell, Sund og Øygarden, var heile åtte av politikarane i panelet heimehøyrande i Fjell. Øygarden og Sund hadde fått med ein representant kvar. Av dei ti paneldeltakarane var det fire kvinner og seks menn. Snittalderen låg ein stad kring 50+.

Undomsalibiet, studenten og aleinemora Maria Thomassen (26) frå Miljøpartiet dei grøne, var til gjengjeld ein engasjert og tydeleg stemme på vegne av klimaet. Ei sak som openbart står eit stykke nede på prioriteringslista til dei øvrige.

Raudt og Partiet De Kristne glimra med sitt fråvær.

På heimebane

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) fekk applaus for påstanden om at ingen i panelet var for eigedomsskatt på hus og hytter.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) møtte dei 40-tals tilhøyrarane på heimebane. Bjorøy og Tussøy velforeining var arrangør av kveldens folkemøte. Sidan den undersjøiske tunnelen opna i 1994 har øya midt i Vatlestraumen teke mot ein vesentleg del av tilflyttarane til Fjell. Folketalet har auka frå kring 250 til 1.100, i følgje ordstyrar Randi Jahnsen.

– Vi har tradisjon for folkemøte, hevda Bjorøy.

Mange tema
Dei ti paneldeltakarane var innom mange tema under presentasjonen av seg og sine parti. Nokre tema gjekk igjen:

Eigedomsskatt, kollektivtransport, behovet for å få drifta i den nye kommunen i økonomisk balanse, og innhaldet i SFO, eller kanskje det heller burde heita heildagsskule?

Eigedomsskatt
Eigedomsskatt på hus og hytter er eit ikkje-tema i den nye kommunen, var det brei semje om, også i Arbeiderpartiet. Sundsokningane som i dag betaler for hus og hytter, skal sleppa denne kostnaden når den nye kommunen vert ein realitet frå årsskiftet.

Eigedomsskatten på prosessanlegga i Øygarden derimot, kjem til å yta ei kjærkomen inntekt til ein ny kommune med pressa økonomi.

-Eigedomsskatt på næring vil det verta diskusjon om når det nye kommunestyret samlast til budsjettdebatt utpå hausten, lova vararordførar Tom Georg Indrevik (H) i Fjell.

Køar krev tiltak
Kollektivtransporten engasjerte, køane over Sotrabrua krev tiltak. Betre lokaltilbod ut i bygdene der folk bur, var likevel det som opptok flest. Her må ein vera villig til å tenkja annleis. Ikkje fleire store bussar, men minibussar eller drosjar ut i bygdene når innbyggjarane har behov for å reisa, eller når ungane skal på trening etter skuletid. Kva med å henta inspirasjon frå det dei driv på med andre stadar; som «Kringom» i Sogn og Fjordane, «Hent meg» i Sauda eller «Rett hjem» i Rogaland? Det vil og vera naudsynt å leggja press på fylkeskommunen, som har ansvaret for buss- og båtrutene, hevda ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) på vegne av erfaringane frå dei siste fire åra.

Straks planane om ei snøggbåt kom på banen, tennte Svein Otto Jacobsen (FrP) på alle pluggane.

-Dagens snøggbåtar er det minst miljøvenlege du kan nytta, om du reknar utslepp per passasjerkilometer, hevda han.

Påstanden fekk ikkje stå uimotsagt: Her gjeld det å sjå framover, ikkje sjå seg blind på dagens teknologi. Den rivande utviklinga av batteriteknologien dei siste åra, vil endra på klimagassutsleppa, og det ganske så raskt. Dessutan er det norske verft som driv utviklinga, argumenterte Jorunn Gjersvik (Sp) frå salen.

SFO

Eva Årskog (SV) snakka varmt for heildagsskulen. Jan Utkilen insiterte på at han politisk ikkje er så langt ute på venstresida som plasseringa i panelet skulle tyda på.

Innhaldet i SFO vekte meir usemje. Eva Årskog (SV) vil ha ein heildagsskule der lekselesing, idrett og korpsøvingar inngår i timeplanen. Dessutan bør han vera gratis.

Børge Haugetun (V) meinte at valet av slike aktivitetar bør overlatast til dei einskilde, det er ikkje noko som bør styrast ovanfrå.

Marianne Sandahl Bjorøy landa ikkje på nokon konklusjon, viste berre til at diskusjonen om aktivitet kontra oppbevaring i SFO er noko som engasjerer nasjonalt.

Høyrt frå panelet:
-Ta heile kommunen i bruk. Jan Utkilen, SotraLista

-Vi er mot meir bompengar på Sotra. Bompengar på nye Sotrasambandet kjem vi ikkje unna. Per Åsheim, Folkeaksjonen Nei til mer Bompenger.

– Vi må verta meir opptekne av jordvern, Terje Strandtun, Sp

– Kontantstøtta er viktig. Den må vi behalda, Torill Selsvoll Nyborg, KrF

– Om vi er opptekne av klima, bør prosjektet med karbonfangst i Øygarden verkeleggjerast, ordførar Børge Haugetun TVØ/V i Øygarden.

Rekrutter ungdomar
Ingen førstegongsveljarar hadde funne vegen til Bjorøy skule i kveld. Avslutningsvis nytta Indrevik (H) høvet til å oppfordra dei frammøtte til å rekruttera ungdomar, og særleg unge kvinner, til å nytta stemmeretten sin på valdagen.

-Det er altfor mange som meg, med grått hår, som deltek i politikken, hevda varaordførar Tom Georg Indrevik (H), og oppfordra møtedeltakarane til å oppfordra ungdomane, og særleg unge kvinner, til å nytta stemmeretten sin.

– Det er altfor mange som meg, med grått hår, som deltek i politikken, smilte den sjølvsikre ordførarkandidaten til partiet som sjølv har tre menn på 40+ på toppen av røysteseddelen.

– Husk at det er råd å gje ein slengjar også, avslutta ordstyrar Randi Jahnsen.

Advertisements

2 Comments

  1. Tilbakeping: Tunnelsyn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.