Plan for eit 50-årig utbyggingsprosjekt

Liegruppen AS sin gigantplan for Nordre Bildøy vil ta lang tid å verkeleggjera og vil krevja store offentlege investeringar. No er planen klar for politisk behandling.

Slik kan det verta sjåande ut på Nordre Bildøy om 50 år. Illustrasjon: Opus AS.

Folkeveksten i Fjell tørkar inn. Det uroar tilsynelatande verken utbyggjarane i Liegruppen AS eller rådmann Steinar Nesse i Fjell.

Les: Folkeveksten i stabilt sideleie

Erfaringane frå Straume sentrum har vist at det tek tid å verkelegjera vedtekne planar. Kanhende vil det ta 50 år før alle tiltaka som vert omfatta av gigantplanen for 3.000 – 4.000 bustadar og 100.000 kvadratmeter ned næringsareale på Nordre Bildøy står ferdig, medgjev Nesse i saksframlegget i samband med at utkastet til områderegulering for Bildetangen vert lagt fram for politisk behandling i Komite for plan og utvikling neste veke.

Reserveområde
-Området vil vera eit viktig reserveområde for ambisjonane om eit sterkt regionsenter med eit attraktivt omland, skriv Nesse i saksutgreiinga.

Områdereguleringsplanen for det 411 dekar store området legg opp til å kombinera bustad, næring og offentlege tilbod som skule og barnehage, spreidd over 15 delområde.

Les: Medverknadsmøte gav hjelp til å prioritera

Utbygginga skal kunna gjennomførast delområde for delområde, ettersom marknadssituasjonen tilseier det.

Offentlege investeringar
Ei utbygging av ein heil bydel i den storleiken planane for Nordre Bildøy legg opp til, vil etterkvart krevja relativt store offentlege investeringar i barnehagar, skular og helseinstitusjonar. Desse må takast inn i andre kommunale planar, slik at behovet for kommunale investeringar vert oversikteleg, skriv Nesse.

Utbyggjinga vil vera økonomisk krevjande for kommunen, men dei mange tilflyttarane vil føra til store skatteinntekter. Nesse er overtydd om at reknestykketover tid vil verta lønsamt.

Tett og høgt
I delområda tettast opp til Sotrasambandet, og langs houvdvegen nordover mot på Apalneset, vert det lagt opp til å byggja tett og høgt, med ein utnyttingsgrad på inntil 250 prosent.

I områda som er sett av til småhus, vil utnyttingsgraden variera frå 50 til 150 prosent. I snitt vert det lagt opp til ein utnyttingsgrad på 150 prosent for området sett under eitt.

Sotrasambandet
Utbygginga vil ha i seg ei mengde ulike rekkefølgjekrav. Den nord-sørgåande infrastrukturen, med veg, vatn og avløp skal gjerast klar før sjølve utbygginga kan ta til.

Verd å merkja seg for dei som fryktar enno lengre køar, er det at ingen skal få lov til å ta i bruk lokale i området før det nye Sotrasambandet er teke i bruk.

Fylling i sjø

Apalneset. Illustrasjon: Opus AS.

På Apalneset, heilt nord i området, tek planen høgde for at det skal lagast ei større fylling i sjø. Kor stor fyllinga skal verta, vil først verta klar når detaljreguleringsplanen for delområdet skal utarbeidast.

Liegruppen AS har så langt investert over 50 millionar kroner i planlegginga av gigantprosjektet. Før dei kan byrja å bygga, reknar dei med å ha investert ytterlegare 50 – 100 millionar, sa dagleg leiar Roy-Eddy Lie til nettavisa Tunnelsyn.no då dei presenterte omrisset av planane i vår.

Les: Avslører planane for Bildetangen

 

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.