Vill optimisme driv fortettinga på Straume

Kan Straume nokon gong få så mange tilbod at innbyggjarane ikkje lenger vil ha behov for å ta bussen til Byd’n?

Illustrasjon henta frå rapporten «Bærekraftige Straume».

Korleis byggja by rundt Sartor Senter? Sartorsjef Ernst Morten Einarsen har vore oppteken av spørsmålet lenge. I forkant av revisjonen av områdeplan for Straume sentrum har han engasjert arkitektverksemda Vill Urbanisme AS til å utgreia korleis det kan gjennomførast. Dagleg leiar Fredrik Barth i arkitektkontoret presenterte i dag rapporten på augusttreffet til Verst Næringsråd.

Rapporten tek utgangspunkt i nord – sør – aksen frå Sotra Arena til Foldnes kyrkje. I området som er om lag like stort som Bergen sentrum, har konsulentane i Vill Urbanisme funne plass til 4.000 bustadar, over 9.000 innbyggjarar og 5.600 arbeidsplassar.

Paradigmeskifte
Tanken er å laga eit område med både bustadar, arbeidsplassar og fritidsaktivitetar. Helselandsbyen, den nye vidaregåande skulen og den nye kollektivterminalen skal alle få plass innanfor grensene.

-Det har skjedd eit paradigmeskifte når det gjeld utbygging. Vekk frå konsentrasjon langs bybanen, til bærekraftige område der innbyggjarane får så mange tilbod i nærmiljøet at dei ikkje vil ha behov for å ta køyra bil eller å ta bussen til Byd’n, seier Barth.

Innbyggjarane skal i staden kunna forflytta seg tørrskodde frå den nye kollektivterminalen til Sotra Arena gjennom nye tunnelar i tilknyting til Kystbygarasjen, er tanken.

Kamp
-Dette vert ein kamp med Bergen, Os, Knarvik, Vaksdal og Voss om dei same innbyggjarane og dei same arbeidsplassane. Fordelen med Straume er at de er komne lenger, seier Barth.

Den store konsentrasjonen av nye bustadar er tenkt å koma i den nordlege delen av Straume Næringspark, og som ligg mellom Sotra Arena og Sartor Senter. Utnyttingsgraden skal minimum vera på 75 prosent. Utbygginga skal kunna skje feltvis, ved at fleire tomtar vert slegne saman.

Sartorlunden er førebels einaste grøntområdet innanfor plangrensa. Når byen står ferdig bør torg og grøne lunger dekka 36 mål, tilrår arkitektane.

Utanfor
Dei store einebustadområda på vest- og austsida av handlesenteret er i hovudsak haldne utanfor planen. Planen skjelar heller ikkje over Straumsundet til Liegruppen AS sitt utbyggingsprosjekt på Nordre Bildøy.

Les: Plan for eit 50-årig utbyggingsprosjekt

Folkeveksten på Sotra har nær stoppa opp siste åra. At ein så omfattande plan også koma i konkurranse med Liegruppen sine gigantplanar på Nordre Bildøy, vil verken Barth eller nokon i Liegruppen medgje i dag.

-Spanande plan, Fredrik, rosa Roy-Eddy Lie som var tilstade under presentasjonen saman med NK Jan Arthur Nilssen.

Optimistisk
Til grunn for den veldige optimismen ligg marknadsundersøkingane senterleiinga har utført lokalt. Dei antydar at så mange som 22 prosent av innbyggjarane i nye Øygarden kan tenkja seg å flytta til Straume.

Ja, vi veit at det er stor skilnad mellom kor mange som seier dei kan tenkja seg ein ting, og kor mange som faktisk gjer det, medgjev Barth på direkte spørsmål frå nettavisa Tunnelsyn.no.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.