16-åring tok merksemda på politisk folkemøte

Etter å ha høyrt kandidatane til kommunestyret i nye Øygarden lovprisa eigen oppvekstpolitikk i to timar, klarte 16 årige Mathilde Sæle å setja politikarane sjakk matt frå salen.

Marianne Garlid Johannessen (FrP) var den av politikarane i panelet med ferskaste erfaringane frå det å veksa opp i vekstkommunen vest for Bergen. Her omgjeven av Andreas Kallekleiv (H) og Odd Erik Lind frå Folkeaksjonen nei til mer bompenger.

Oppveksttilhøva til born og unge var hovudtema under einaste breie valkampmøtet i nye Øygarden denne hausten. Møtet som vart arrangert av Utdanningsforbundet, samla eit 100-tals tilhøyrarar på rådhuset på Straume i går.

Samtlege 12 politiske parti som stiller lister ved kommunevalet til nye Øygarden var representerte i panelet. Fem kvinner mot sju menn. Den geografiske representasjonen var breiare enn på Bjorøy, og kan hende var snittalderen ørlite lågare.

Les: Nesten berre gråhåra fjellsokningar

Fengjande tema
Oppvekstvilkår er eit tema som fengjer politikarar i alle aldrar. Skulestruktur, private barnehagar, skulefrukost, nok kvalifisert pedagogisk personell i skular og barnehagar og verdien av tidleg innsats, var mellom temaene som dei politiske kandidatane snakka varmt og lenge om.

Ikkje uventa føl fleire av diskusjonane skiljelinene mellom sosialistisk og borgarleg tilnærming til politikken. Eva Aarskog (SV) og Marianne Sandahl Bjorøy (A) sine forslag om breie tiltak som kan bidra til auka sosial og økonomisk utjamning fekk motstand frå Marianne Garlid Johannessen (FrP) og Andreas Kallekleiv (H) si fremjing av individuelle tiltak når behovet tilseier det.

Diagnose?
I krisekommunar med behov for beinharde økonomiske prioriteringar, kan det til tider vera stor avstand frå semje om politiske prinsipp til korleis innbyggjarane opplever kvardagen.

– Kvifor snakkar og later de som om de veit korleis ungdomen har det på Sotra? Må du ha ein diagnose for å verta sett, avbraut 16-årige Mathilde Sæle frå salen.

Engasjert og veltalande fortalde ho om ein skulekvardag der det å verta sett og få tilpassa individuelle tiltak i undervisninga på eit tidleg tidspunkt langt frå er så einkelt som dei politiske kandidatane var samde om at det bør vera. Rus er og langt meir vanleg enn vi vaksne føretrekkjer å tru, ifølgje Sæle.

Les: Lang ventetid på spesialundervisning

– Dette var ein sterk historie. Eg har ikkje noko godt svar. Vi veit ikkje. Eg kjenner meg truffe, kom det omsider frå Bjørn Tore Hatletun (MDG) som var den første i panelet som fekk summa seg etter kraftsalven.

– Du skal ikkje ha nokon diagnose for å få hjelp. Eg fekk heller ikkje den hjelpa eg trong, følgte Marianne Garlid Johannessen (FrP) opp. 18-åringen var stand-in for Svein Otto Jacobsen og er eit av FrP sine unge håp i lokalpolitikken.

– Det er ei stund sidan eg var ung. Eg klarar ikkje heilt å førestella meg korleis det er i dag, måtte Marianne Sandahl Bjorøy medgje.

Redaktør Marit Kalgraff frå Vestnytt styrte debatten med fast hand. Kanhende var det ein overvekt av problemstillingar med opphav i Fjell?

Historisk
Årets kommuneval er historisk. For første gong skal fjellsokningar, sundsokningar og øygardsstrilar stemma inn sine representantar til eit felles kommunestyre. Kommunane er ulike, og kjennskapen til lokale tilhøve på andre sida av kommunegrensa er ofte mangelfull.

Då forhandlingane om kommunesamanslåinga raste som verst våren 2017, vart det arrangert folkemøter kringom i bygdene for å informera og samla oppslutning om intensjonsavtalen. Når valdagen nærmar seg er det naturleg å forventa ei tilsvarande mobilisering for å la veljarane verta kjende med kandidatane, også dei som kjem frå andre kantar av den nye kommunen. Det ser det ikkje ut til at vi får. Gårsdagens arrangement på Straume ser ut til å verta det einaste valkampmøtet som favnar alle dei politiske partia i den nye kommunen.

Lokaldemokrati
-Fellesnemda si gruppe for lokal identitet og lokaldemokrati er nedlagt, svarar leiar Tom Georg Indrevik (H) på direkte spørsmål frå nettavisa Tunnelsyn.no om det vert arrangert folkemøter fleire stadar kringom i den nye kommunen i forkant av valet. Sjølv føretrekkjer Indrevik og resten av partiet dørbanking og husbesøk som den mest effektive måten å forkynna eigen bodskap utanfor menigheten.

– Kystpass og genser er ikkje akkurat det vi forbinder med lokaldemokrati, hevda Stein Lund (SL) frå salen. Tilflyttaren har meldt seg inn i politikken som eit resultat av lang tids frustrasjon over manglande folkerøystingar i samband med kommunesamanslåinga, mellom anna om namnevalet.

Les: Kjempar mot «Øygarden» på mange frontar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.