Øygarden FrP vil ha statleg finansiering av eldreomsorga

Deltaking i Regjeringa sitt prøveprosjekt med statleg finansiering av eldreomsorga stod på dagsorden då eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug vitja Øygarden.

Eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug saman med Målfrid Hjelme og Nancy Høyland på Tednebakkane omsorgssenter. Foto: Maria Alseth/ FrP.

Saman med Svein Otto Jacobsen, ordførarkandidat for FrP, fekk eldre- og omsorgsminister Sylvi Listhaug ei omvising på Tednebakkane omsorgssenter på Rong i går.

Å helsa på bebuarane og brukarane av dagtilbodet inngjekk i programmet. Naturleg nok vart eldreomsorga i nye Øygarden eit tema.

Øygarden FrP meinar det er viktig å satsa på gode tenester til eldre i den nye storkommunen, skriv partiet i ei pressemelding.

Prøveprosjekt
-Det hadde vore bra om kommunen deltek i regjeringa sitt prøveprosjekt med statleg finansiering av eldreomsorga, seier Jacobsen i pressemeldinga.

Prosjektet inneber at staten finansierer dei kommunale omsorgstenestene, og at midlane er øyremerka. Ordninga inneber eit inntektspåslag, noko som gjev meir pengar til omsorg. Det er likevel framleis kommunen som driftar tenestene, slik som i dag.

I Os har deltakinga mellom anna resultert i auka brukarmedverknad og at dei tilsette har fått auka kompetanse, ifølgje dei to.

-Å delta i forsøket kan innebera at vi får styrka eldreomsorgen, til beste for dei eldre. Når vi ser dei gode resultata i Os, tenkjer eg at vi bør søkja, seier Jacobsen.

Heimelaga mat
Både Listhaug og Jacobsen to vart imponerte av kjøkenet på omsorgssenteret, og korleis dei lagar heimelaga mat til bebuarane.

Det er viktig at eldre får god og heimelaga mat, er dei to samde om. Jacobsen er tydeleg på at det ikkje er aktuelt å leggja ned kjøkenet på nokon av sjukeheimane eller eldreinstitusjonane i nye Øygarden kommune.

-God og heimelaga mat skapar både matglede og matlyst, seier Jacobsen.

Å vitja sjukeheimar som har kjøken gleder eldre- og omsorgsministeren.

-Kjøkenet betyr mykje for dei som bur der. Vi i regjeringa har difor oppretta ei tilskotsordning slik at fleire kan få kjøkenet tilbake, seier Listhaug.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.